SMS-liste for Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon

Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon har no oppretta sms-liste for sine medlemmer. Her vil det bli sendt ut info om til dømes arrangement i bedehusa våre. Det vil ikkje bli sendt ut melding til alle arrangement. Fullstendig program blir framleis kunngjort på bedehusweb.no og gjennom lysingar i Hordaland Folkeblad. Eventuell påmelding/ avmelding til lista kan ein sende på epostadressa bedehusweb@gmail.com. Dette er ei «einvegsteneste», så det er ikkje mulig for medlemmene å svare på medlingane.

«Korleis formidla vårt kristne kall til nye generasjonar?»

Dette er tema for Karl Johan Hallaråker sine to bibelføredrag i Norheimsund bedehus onsdag kveld 16. mars. I den første timen blir det sett fokus på det kristne misjonskallet: Misjonsansvar for forkynning og undervisning, diakoni og omsorg. I den andre timen set han fokus på vårt kristne samfunnsansvar i vår tid. Begge timane har høgaktuelle fokus. Det er mange meiningar om korleis ein bør driva misjon i vår tid. Det gjeld både forkynninga og ikkje mindre diakonien og hjepearbeid heime og ute. Kristen verditenking om vårt samfunnsansvar i møte med eit meir og meir fleirkulturelt samfunn er det ikkje mindre debatt om. Kva svar bør vi gje? Går det an å vera tydeleg profilert og samtidig syna respekt for andre religionar og livssyn? Vi kan venta ein engasjert talar og høgaktuelle spørsmål å tenkja over. Etter foredraga blir det høve til spørsmål om samtale. Enkel servering mellom timane.
Karl Johan Hallaråker er utdanna prest, tidlegare bibelskulerektor og generalsekretær i ImF. Han har skreve fleire bøker og kjend frå media. Han har også besøkt Kvam fleire gonger tidlegare. Vi vonar at mange merkar seg datoen og kjem til bedehuset denne kvelden.

Origo arrangerer gospelnight fredag

Fredag 18. februar kl. 19.30 blir det gospelnight i kjellarlokala i Norheimsund bedehus. Me får besøk av ein gjeng frå Norkirken i Bergen. Dei stiller med lovsongsteam, tale og misjonsinfo. Talar er Thomas Hammer (biletet). Thomas er ansatt i Norkirken og jobbar der med gudstenester, lovsang og informasjon. Han held også på med masterstudiet i teologi.
Etter gospelnighten blir det kafé. Alle er hjarteleg velkomne!

Misjonsveke i Øystese og Norheimsund 17. – 20. februar

17. til 20. februar er det misjonsveke i regi av NMS Øystese/ Norheimsund. Talar er John Steinar Dale. Hovudtema på samlingane er «Godt nytt frå Midtausten». Dale har vore misjonær på Madagaskar i 15 år, prest i Stavanger og har lenge vore aktiv i SAT-7 som er dei kristne kyrkjene sin satellitt–tvkanal i Midtausten og Nord-Afrika. SAT-7 har 5 kanalar og sender døgnet rundt og har i år 15-årsjubileum. Dale kjenner godt dette eineståande misjonsarbeidet og situasjonen i Midtausten. Vi gled oss til inspirerande samlingar!

Fortsett å lese «Misjonsveke i Øystese og Norheimsund 17. – 20. februar»

Skidag laurdag 12. februar!

Krik Kvam skipar til skidag på Sjusete fyrstkomande laurdag. Det blir skileik, bålkos, andakt og mykje god stemning! Ta med ski, varme klede, pølser og drikke. Oppmøte på Sjusete (parkeringsplassen) kl. 11.00. Treng du transport? Send sms til Bent Inge Bentsen (tlf. 91628638). Alle er hjarteleg velkomne!