Barnelag

Kvam Soul Children er eit kor innan Soul Children – bevegelsen som har øvingane sine i Norheimsund bedehus kvar tysdag kl. 17.30 – 18.15. Alder er 4.-7.klasse. Mottoet til Soul children er «Vinne og bevare barn og unge gjennom musikk de kjenner seg igjen i». På kvar øving er det fokus på innøving av songar, innøving av dans og me har andakt. Koret er tilknytt Acta (Normisjon) og NLM Ung.

Kontaktperson er Sofie Sundfjord – tlf. 41521495.

Shine barnekor Norheimsund er eit kor som øver kvar måndag i Norheimsund bedehus kl. 17.30. Alder er 5år – 3.klasse. Me syng, leikar og har andakt. Koret er tilknytt NLM Ung. Kaffi og te til foreldre eller andre som vil sjå og høyra medan borna øver.

Kontaktperson er Eline Hellesøy- tlf. 90975223.

JUNIOR VING
Norheimsund Junior Ving er ein aktivitetsklubb for jenter og gutar i 1. – 4. klasse. Samlingane er annankvar måndag kl. 18.00 – 19.30 i Norheimsund bedehus. Her er det song, forteljing frå Bibelen, ulike aktivitetar og kveldsmat. Aktivitetane varierer litt frå år til år, men er for tida kjøkken, forming, lego og foto. (Foto er først og fremst for 4.klassingane). Det er mange som er med og som gler seg til kvar gong. Det er fem faste vaksenleiarar og i tillegg er det hjelpeleiarar frå Framnes k.v.g.s. Medlemskontingent for eit skuleår er 50 kr.
Kontaktperson er Jostein Moldsvor (tlf. 91379312). Velkomen 🙂

KRAFT


KRAFT er ein rc-klubb for alle som går på 4. til 7. trinn. Me held til i Norheimsund bedehus, og har samlingar annankvar torsdag kl. 17.30-19.00. Samlinga startar med ein Minecraft-andakt, før me går vidare med aktivitetar som baserer seg på radiostyrte køyrety. Me lagar banar, køyrer kappløp, køyrer i terreng, mekkar, modifiserar, lakkerar, flyr droner +++. Til slutt er det ei lita fellessamling. Velkomen!

Kontaktperson er Bjørnar Sangolt- tlf 90200012