Månadens profil – januar 2012

Det er januar og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – januar 2012: Ingrid Selvik Undal.

Les videre

Publisert i N&Ø Indremisjon | Kommentarer av

Sundagssamling i Øystese bedehus

Sundag 29. januar kl. 20.00 (merk: ny tid!) er det klart for årets fyrste sundagssamling i Øystese bedehus. Sundagssamling er eit møte som legg vekt på lovsong, tilbeding og bøn. Sundagssamlinga skal vere ein stad der ein kan få kome med vitnesbyrd og bøneemne. Samlinga startar med enkel servering og prat før ein går over i møtedelen. Her finn du datoar for sundagssamlingane denne våren. Arrangør er Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon. Alle er velkomne!

Publisert i N&Ø Indremisjon | Kommentarer av

Ny tale i podcasten

Egil Gammelsæter sin siste bibeltime om Efeserbrevet ligg no ute i podcasten vår. Podcasten finn du her.

Publisert i N&Ø Indremisjon | Kommentarer av

Semesterstart med storsamling sundag 15. januar

Sundag 15. januar er det igjen klart for storsamling, denne gong i Norheimsund bedehus. Samlinga startar som vanleg kl. 17.00. Herdis Austevoll skal ha andakt. Det blir eige opplegg for borna. Samlinga vert avslutta med kveldsmat i kjellaren. Alle er hjarteleg velkomne!

 

Klikk her for å sjå datoar for storsamlingar i vår.

Klikk her for å sjå datoar for sundagssamlingar i vår.

Publisert i N&Ø Indremisjon | Kommentarer av

Jule- og nyttårsfest i Norheimsund

1. nyttårsdag arrangerer Norheimsund Indremisjon jule- og nyttårsfest i Norheimsund bedehus kl. 18.00. Det vert musikalske innslag av blant andre Geir Botnen (flygel) og David Skutlaberg (fiolin). Rektor ved Kongshaug Musikkgymnas, Oddvar Rotvik, held andakt. Det blir allsong, konkurransar og mat. Festen vert avslutta med juletregang. Alle er hjarteleg velkomne!

Publisert i N&Ø Indremisjon | Kommentarer av

Juletrefest i Norheimsund 3. juledag

3. juledag inviterer barnekoret Shine og Junior Ving til juletrefest i Norheimsund bedehus kl. 17.00. Det blir song av barnekoret Shine, leikar, musikalske innslag, andakt, noko godt å ete og juletregang! Inngangspengar kr. 30,-. Alle er velkomne!

Me minner også om juletrefest i Øystese bedehus 5. juledag. God jul!

Publisert i N&Ø Indremisjon | Kommentarer av

Lys i mørket

Norheimsund & Øystese Ungdomskor brukte siste øving før jul til å spele inn to julesongar; Lys i mørket og Mary Did You Know. Desse kan du no høyre eller laste ned i podcasten her på bedehusweb.no. Solistar er Simon S. Undal/ Ingvild Bjelland (Lys i Mørket) og Anna Lilleås/ David Almenning (Mary Did You Know). Dirigent og produsent er Vidar Sangolt. Orkesteret består av Knut Nedkvitne (saksofon), Gaute Ulltang (piano), Torstein Bjelland (bassgitar), Bård Sørheim (trommer), Oddvar Ulltang (perkusjon), Jens Kristian Bjelland (synth) og Vidar Sangolt (synth). Guro Tolo har laga coveret til cden. Cden er å få kjøpt for kr. 50,- i Norheimsund bedehus.

Klikk her for Lys i mørket
Klikk her for Mary Did You Know

Norheimsund & Øystese Ungdomskor ynskjer alle ei god, riktig jul!

Publisert i N&Ø Indremisjon | Kommentarer av

Juletrefest i Øystese 5. juledag

Torsdag 29. desember kl. 18.00 vert det juletrefest i Øystese bedehus. Juniorkorpset til Øystese Skulemusikklag deltek. Det vert musikkinnslag, andakt, julequiz, mat, pakkar til borna og sjølvsagt juletregang. Arrangør er Øystese Indremisjon og Øystese Sokneråd. Det vert teke opp ein kollekt til Strømmestiftelsen. Alle er velkomne!

Publisert i N&Ø Indremisjon | Kommentarer av

Månadens profil – desember 2011

Det er desember og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – desember 2011: May Oline Opsahl-Engen.

Les videre

Publisert i N&Ø Indremisjon | Kommentarer av

Rejoice 2011

Rejoice er Origo sitt største satsingsområde gjennom året. I år vart ungdomskonferansen arrangert 28. – 30. oktober. Over hundre deltakarar var samla til møte, konsertar, lovsong, bøn, seminar og fellesskap i Norheimsund bedehus! Tema for helga var “Frihet”. Her kan du lese meir om helga.

Les videre

Publisert i N&Ø Indremisjon | Kommentarer av