I eit samarbeid mellom Norheimsund Indremisjon og Vikøy kyrkjelyd er ønsket og vona at omsorg og omtanke gjennom forbøn skal bli endå meir tilgjengeleg. Det er berre å nytte tlf.nr. og e-postadr. nedanfor til meldingar til leiar for denne bønetenesta, Audun Aase. Bøneemna vil så bli fordelte mellom forbedarar som har teieplikt, og som over tid vil ta dei med i sine stille stunder. Og denne tenesta er for alt ein måtte kjenne det godt å få dele med nokon som vil stå med i det som er vanskeleg, eller det som ein opplever det er viktig å løfte fram i bøn. Dermed er det ikkje noko som er for lite eller ubetydeleg. Praktisk melder ein då så konkret som råd er, det ein ønskjer forbøn for. Ved bruk av namn er det gjerne greitt å avgrense seg til førenamn, om ein ikkje ønskjer full anonymitet. Ber ein om forbøn for andre, bør ein nok la dei vere anonyme, om ikkje vedkomande har sagt ja til å nemnast ved namn. Dei som sender inn bøneemne, og der ein av tlf.nr. eller e-postadr. kan avlese kven det er, vil bli anonymiserte ved utsending til forbedarane, om dei då ikkje ønskjer å nemnast ved (føre)namn.
Om det kjennest greitt, kan ein gjerne ved høve melde korleis det går eller om forbøna skal få eit anna fokus.
Mobilnr. å nytte er 415 21 905 eller e-postadr.: audun.aase@outlook.com.