
Bøne-inspirasjonshelg for kvinner

Spørjeundersøkjng om arbeidet i Øystese Indremisjon
Øystese Indremisjon har laga ei spørjeundersøkjing om arbeidet som vert drive i Øystese bedehus. Me håpar dei som går på bedehuset i Øystese tek seg tid til å fylle ut skjemaet innan onsdag 19. april. Fyll ut dette skjemaet.
Påskevandring i ord og tonar i Øystese

Søndag 26. mars kl. 17.00 kjem radio- og tv-pastor Gunnar Ferstad i P7 Kristen riksradio til Øystese bedehus saman med vokalisten Katrine Skjold og eit band frå Straume Forum på Sotra. Dei inviterer til ei vandring gjennom dei forskjellige dagane i påskehøgtida. Bibeltekstane og kjende påskesongar er dei berande elementa. Det vert både allsong og solosong. Mange kristne julesongar vert framleis mykje brukte, men påskesongane får ikkje alltid den merksemda dei fortener; «Påska rommar dei mest sentrale hendingane i den kristne frelseshistoria. Samstundes er det blitt ei høgtid då mange ikkje er heime. Derfor ønskjer vi å løfte fram påskeforteljinga i ei konsentrert form. Vi håper det kan rette merksemd mot innhaldet i dagane som kjem». Fri entré. Kollekt til P7 Kristen riksradio. Dette arrangementet vil erstatte sundagstreffet som normalt er kl. 11.00. Me håpar mange tek turen, for dette blir bra!
Tekstformidlar: Gunnar Ferstad
Vokal: Katrine Skjold
Tangentar og kor: Øyvind Blom
Bass: Kristian Blom
Trommer: Tor Håvard Wiig
Gitar: Tore Hjalmar Sævik
Kor: Kristin Fjeldskaar
Lyd: Vidar Sangolt
Misjonsmøte med historisk sus!
Fredag 24. mars kl. 19.00 skal NMS si kvinneforening ha misjonsmøte i Norheimsund bedehus. Øyvind Haarr blir med og fortel historia om kvinneforeningane i «Vikør Sogn», som det heitte i 1846. Det var det året det starta. Ei spanande reise frå den tida då kvinnene hadde med ull, kardar og rokk på foreningsmøta. Dei sette av heile dagen til desse møta. Kom og høyr! Det blir også ein liten basar og sjølvsagt foreningskaffi med noko godt attåt. Velkomen!

Kvinnenes internasjonale bønedag

Fredag 10.mars kl 17.30 er kvinner i heile Kvam velkomne til bøn i Norheimsund kyrkje.
Tema for 2023: «Eg har høyrt om trua dykkar»
Kvinnenes internasjonale bønedag blei starta av kvinner i USA i 1887. Bakgrunnen var nøden dei såg blant immigrantar og etterkomarar av slavar. Kvinner frå ulike kyrkjesamfunn samla seg om ein felles bønedag for desse. Nokre år seinare blei det sett fokus også på dei globale utfordringane.
I dag har bønedagen komitear i meir enn 170 land og regionar. Kvinnenes internasjonale bønedag ynskjer å knyta ulike tradisjonar saman i eit tettare fellesskap, slik at dei får auka forståing for kvarandre og betre kan hjelpa og støtta kvarandre gjennom bøn.
På den internasjonale bønedagen ynskier kvinner verda over å dela håp og uro, gleder og sorger med kvarandre. I år har me spesielt fokus på kvinner sin situasjon i Kamerun. Det blir orientert om «Ester-prosjektet», og det blir høve til å gje ei gåve til dette arbeidet.
Samlinga i Norheimsund kyrkje varer i om lag ein time. Det er konsert i kyrkja kl 19.00, og du vil kanskje stogga att og få med deg den.
Les meir på denne heimesida: https://norgeskristnerad.no/kvinnenes-internasjonale-bonnedag/