Origo Ungdomsklubb


Origo Ungdomsklubb har samlingar fredagar kl. 20.00 – 22.30 vekselvis i Norheimsund bedehus og Øystese bedehus. Origo Ungdomsklubb er for alle frå 8. klasse og oppover. I tillegg til kafé har me aktivitatar som t.d. bordtennis, airhockey, biljard, Playstation, Nintendo Wii og brettspel. På alle Origo-kveldar kjem det nokon for å halde andakt for oss. Om lag ein gong i månaden arrangerer Origo gospelnight. På denne sida blir du oppdatert på kva som skjer framover.

Semesterplan våren 2012:
13. januar: Norheimsund bedehus – Bibelgruppe – Andakt: Håkon Lyngøy
20. januar: Øystese bedehus – Wii-turnering – Andakt: Sverre Lindøy
27. januar: IMPULS

4. februar: Gospelnight i Norheimsund idrettshall kl. 20.30
10. februar: Besøk til Jondal Ungdomsklubb. Avreise frå Norheimsund bedehus kl. 19.00 – Andakt: Håkon Lyngøy
17. februar: Øystese bedehus – Bordtennis/ biljard – Andakt: Veien Bibelskole

9. mars: Øystese bedehus – 50-leiken – Andakt: Ragnhild Nesse
16. mars: Norheimsund bedehus
23. mars: Framnes – Andakt: Tor Ingvald Lauvrak

13. april: Ungdomsgudsteneste i Øystese kyrkje – Andakt: Lars Arne Vik
15. april: Stor-storsamling i Øystese Idrettshall
20. april: Norheimsund bedehus – «Beat for beat» – Andakt: Andreas Sørås
27. april: Øystese bedehus – Basar

4. mai: Gospelnight i Norheimsund bedehus – Andakt: Hartvig Kloster
11. mai: Øystese bedehus – Brettspelkveld – Andakt: Trygve Langeland

1. juni: Øystese bedehus – Andakt: Ole Kristian Ådnanes
8. juni: Norheimsund bedehus – Sommaravslutning

Visjon:
Origo ungdomsklubb vil ha eit dynamisk og inkluderande fellesskap med Jesus i sentrum, der ungdom startar nye liv til engasjerte, smittande etterfølgjarar av Han.

Det er stengt for kommentarer.