Ungdomskoret samarbeider med HimalPartner

nøuk bilde 2014 m logo nett 2Kvart år reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turné i vinterferien for å samle inn pengar til eit prosjekt. Dette året går turen til Østfold og Akershus. I løpet av ei lita veke skal koret halde konsertar rundt om i fylka. Base blir på Solbukta Ungdomssenter i Gresvik utanfor Fredrikstad. I år blir det samla inn til eit HimalPartner-prosjekt i Nepal. Prosjektet støttar arbeidet som blir drive mellom psykisk utviklingshemma og mentalt sjuke i Kathmandu, Nepal. Målet er at dei sjuke kan få eit liv der dei blir inkludert i samfunnet og blir respektert som verdifulle menneske. Turnékostnadane betaler ungdommane sjølve, så alle innsamla midlar går uavkorta til koret sitt misjonsprosjekt.
Fortsett å lese «Ungdomskoret samarbeider med HimalPartner»

Felles sundagsmøte og storsamling 16. februar

kariNorheimsund bedehus søndag 16. februar kl. 11.00: Vi får vitjing av (biletet), ein av redaktørane i Dagen. Ho har skrive mykje om kristenforfylgjinga ute i verda. Særleg har våre kristne brør og systre i dei islamistiske og kommunistiske diktatur det vanskeleg. Denne forfylgjinga vert lite omtala i dei store media. Difor har vi eit ansvar med å gjera dette kjent slik at vi kan vise omsorg for dei både i bøn og praktisk. Jesus seier til læresveinane at dei kjem til å bli forfylgde i verda. Og sanneleg har dei kristne blitt forfylgde til alle tider. I våre dagar er det mange millionar og ca. 6-7000 (Dagen 6/12-13) vert drepne kvar år. Korleis stiler vi oss til dette? Kan vi vera likesæle til ein slik urett? I 1.Joh.3,17 stiller apostelen eit nærgåande spørsmål: ”Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel let att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?” Kari Fure vil fortelja meir om dette under tema: Religionsfridom. Dette føremiddagsmøtet vert i lag med Storsamlinga. Vel møtt!

Julefest i Øystese

julefestSundag 29. desember (5. juledag) kl. 17.00 vert det julefest i Øystese bedehus! På programmet står blant anna andakt v/ Lisbeth Fredheim Oma, juletregang, sanginnslag og kaffi og kaker. Det blir tatt opp kollekt til Strømmestiftelsen. Alle er velkomne! Arr.: ØIM

Julekonsert i Norheimsund

Julekonsert 13 plakatTorsdag 5. desember kl. 20.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor julekonsert i Norheimsund bedehus. I tillegg til ungdomskoret deltek vokalgruppa Poco Rubato (Ranveig Bjelland, Åslaug Sætrenes, Nancy Karine Sangolt, Anna Mette Klyve, John-Sindre Sætrenes, Magnus Hisdal, Gaute Klyve) og David Almenning. Billettane kostar kr. 150,- for vaksne og kr. 50,- for barn/student. Velkomen!

Vellukka Rejoice!

Rejoice 2013 blei arrangert helga 8. – 9. november. Nesten hundre ungdommar var samla til møte, konsertar og seminar. Tema var «Glede». Her kan du sjå ein liten videosnutt frå fredagskvelden på Rejoice.

Ungdomstur til Helgatun

18. – 20. oktober reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Krik Kvam og Origo ungdomsklubb på tur til Helgatun. På programmet står blant anna bli-kjent-kveld, natursti, uteaktivitetar, bibeltimar, korøving og underhaldningskveld. Påmeldinga har starta. Send epost til vidar.sangolt@imf.no dersom du vil vere med. Her finn du meir info om turen.