Bedehusbasar

åreBedehusbasaren i Norheimsund blir i år fredag 26. september. Bedehuset har vore gjennom store oppussingar, men det er planar for vidare arbeid. Det skal kjøpast inn nokre nye møblar, det er planar om å kjøpa nytt flygel og kjøkenet treng veldig til ei oppussing. Midlane som kjem inn på bedehusbasaren er difor sårt tiltrengte i arbeidet på bedehuset vårt. Basarkvelden blir det andakt ved Arne O. Øystese. Det blir åretrekning og hovudtrekning. Mellom gevinstane på hovudtrekninga finn me festbunad for jente, gutebunad og ein iPad. Gevinstar til åretrekkinga kan leverast på basarkvelden, men har du gevinstar til hovudtrekninga, er det fint om du tar kontakt med leiaren i basarnemnda, Øyvind Kleven på tlf. 95851974 eller epost oyvind.kleven@kvamnet.no. Velkomen på basar!

IMS-jubileumsrevy til Norheimsund 27. september!

Plakat revy Stord og Norheimsund_ENDELEG_FERDIG copyDå Indremisjonssamskipnaden (IMS) feira 150 års-jubileum på Husnes i slutten av juni, starta ein feiringa med Jubileumsrevyen «Glimt i auga og gløtt av himmel». Det er Ryfylke Livsgnist, med Tor Øyvind Skeiseid i spissen, som har skrive revyen, medan sjølve framføringa tok lokale amatør-skodespelarar seg av. Både alvoret og humoren gjekk rett heim hos dei som hadde møtt opp i ein fullsett Husneshall. Ein fekk på mange måtar oppleva nett det som stod skrive i IMS sitt blad IndremisjonsVenen i forkant; «Me gler oss til ein kveld der me veit at me både kjem til å kjenna klumpen i halsen, og få le saman.» Lokalavisa Kvinnheringen sin meldar hadde dette å seie om revyen: «Aktørane på scenen tok oss med i ulike tidsepokar av den 150 år lange misjonshistoria. Det vart ei, bokstaveleg tala, salig blanding av bedehusmiljø, forkynning, song, musikk og reinspikka galskap.»

No i september er det klart for to ekstraførestillingar av Jubileumsrevyen. Først ute er Kulturhuset på Leirvik laurdag 20. september. I Norheimsund blir førestillinga i Norheimsund idrettshall laurdag 27. september kl. 18.30. Billettar kan kjøpast hjå c)optikk Bjelland AS eller på billettservice.no.

Sjå her for meir info.

Bli med på Alphakurs!

alphaAlpha er tverrkyrkjeleg. Kurset vert arrangert over heile verda av dei fleste kristne kyrkjer. Over 16 millionar på verdsbasis har gått kurset. I Noreg har kurset hatt over 150.000 deltakarar. No kan du få vere med på Alphakurs i Øystese bedehus. Onsdag 3. september kl. 19.00 vert du invitert til middag i bedehuskjellaren i Øystese. Der får du meir info om Alphakurset. Klikk her for meir info om Alpha.

Klart for nytt korår!

DSC_0292Mandag 25. august startar Norheimsund & Øystese Ungdomskor opp att med øving i Norheimsund bedehus kl. 19.30. Det vert også dette året øving annankvar gong i Norheimsund og Øystese. Semesterplan finn du her. Velkomen til nye og gamle songarar!

Velkomen til Storsamling

storsamlingSundag 24. august kl. 11.00 (merk tidspunkt!) er det klart for haustens fyrste storsamling. Samlinga blir i Norheimsund bedehus. Temaet for samlinga er «Generasjonane saman». Marta og Fredrik Gravdal underviser. Det blir barneopplegg, kollekt og kaffimat.

Les meir om storsamling her.

Velkomen!

Sommarens Storsamling

Flyfoto_Husnes_II__4514652aHelga 20. – 22. juni er det klart for årets største samling i IMS-samanheng; Sommarens Storsamling med årsmøte på Husnes! I år feirar IMS stort 150 års jubileum denne helga. Programmet er fullt av godt innhald, og ynskjer du ta del i samlingar, måltidsfellesskap og program, meld deg på! Fredag kveld viser me «Glimt i auga og gløtt av himmel» – vårt historiske spel/revy med tilbakeblikk på IMS si historie gjennom 150 år. Laurdag vert det m.a. bibeltimar, utsendingsmøte, Øystein & Chris Søndagsskoleshow, barnas bursdagsfeiring, Jubileumsfest og Gospelnight. Søndag vert det Festmøtegudsteneste og Storfamiliesamling, det heile runda av med middag der ein kan ta tid til ein hyggeleg prat før ein reiser heim. Meir info her.

Ledig husvære i Øystese bedehus

ØIM logo litenFrå 1. september er det ledig 5 roms husvære (ca. 100 kvm) i 2. høgda i Øystese bedehus. Interesserte kan ta kontakt med Harald Kjosås (971 46 350) eller Oddvar Ulltang (902 04 201).

Ny dugnad i Norheimsund bedehus!

IMG_3613Veke 23 (2. – 7. juni) har Norheimsund Indremisjon den årlege dugnaden, kvar kveld mellom kl. 17.30 – 20.30, med innlagt kaffipause. Tysdag og onsdag vert det vasking, rydding m.m. Me vil dette året mala vegger og tak i gangen oppe, og trappegangane. Det skal skiftast ut 2 dører i kjellaren etter krav frå brannvernet, kan nokon ta det på seg? Elles vert det diverse mindre arbeid. Me ynskjer «fullt trykk» frå måndag 2. juni, så ser me kor lenge me treng halda på. Ta kontakt med Olav Helleve, epost; rag-he@online.no/ tlf. 91122640 og sei kva dagar som passar, dersom du har høve til å delta. Vel møtt!

17. mai-fest i Norheimsund

KarlJohanHallaraaker_Foto_ImFMedia-564I høve 200 års-jubileum for Grunnlova har Norheimsund Indremisjon gleda å invitere til fest i Norheimsund bedehus 17. mai kl.18.00. Det vert prolog av Bjørn Høyland og festtale ved Karl Johan Hallaråker, medlem i Krf sentralstyre. Det vert også program for borna, musikk ved Ingrid Sørheim, mat, lysbilete og kollekt. Alle er hjarteleg velkomne!