Ny dugnad i Norheimsund bedehus!

IMG_3613Veke 23 (2. – 7. juni) har Norheimsund Indremisjon den årlege dugnaden, kvar kveld mellom kl. 17.30 – 20.30, med innlagt kaffipause. Tysdag og onsdag vert det vasking, rydding m.m. Me vil dette året mala vegger og tak i gangen oppe, og trappegangane. Det skal skiftast ut 2 dører i kjellaren etter krav frå brannvernet, kan nokon ta det på seg? Elles vert det diverse mindre arbeid. Me ynskjer «fullt trykk» frå måndag 2. juni, så ser me kor lenge me treng halda på. Ta kontakt med Olav Helleve, epost; rag-he@online.no/ tlf. 91122640 og sei kva dagar som passar, dersom du har høve til å delta. Vel møtt!

17. mai-fest i Norheimsund

KarlJohanHallaraaker_Foto_ImFMedia-564I høve 200 års-jubileum for Grunnlova har Norheimsund Indremisjon gleda å invitere til fest i Norheimsund bedehus 17. mai kl.18.00. Det vert prolog av Bjørn Høyland og festtale ved Karl Johan Hallaråker, medlem i Krf sentralstyre. Det vert også program for borna, musikk ved Ingrid Sørheim, mat, lysbilete og kollekt. Alle er hjarteleg velkomne!

Jan Honningdal til Norheimsund

janhHelga 25. – 27. april er det klart for lovsongshelg i Norheimsund kyrkje. Lovsongsleiar Jan Honningdal blir med laurdag og sundag. «Lovsang har egentlig ingenting med musikkinstrumenter eller stil å gjøre. Lovsanger i forskjellige former har vi hatt siden Davids tid. Jeg tror derfor det er lurt å velge musikkstil etter forsamlingen man leder. Målet er hver gang å finne sanger hvor alle kan være med å gi sitt hjerte til Jesus. Og når man finner slike sanger, da synger folk virkelig. Det står i Bibelen at vi hele tiden skal «synge en ny sang.» Det er med andre ord naturlig å fornye seg, gjerne sette nye melodier på gode tekster. For sannheten om Gud er de samme, tekstene kan være gamle, men vi kan synge dem på en ny måte. Det har alltid skjedd opp gjennom historien. Lovsang er ikke noe som karismatiske menigheter har funnet opp, og den er heller ikke laget for å tilfredsstille ungdom. Lovsang kan derimot uttrykkes forskjellig fra person til person, og den er gjerne farget av situasjonen den oppstår i eller synges i.» – Jan Honningdal.
Fortsett å lese «Jan Honningdal til Norheimsund»

Ungdomskoret arrangerer basar

åreSundag 30. mars kl. 16.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor basar i Norheimsund bedehus. Det vert både boktrekning og åretrekningar. Konferansier er Lisbeth Fredheim Oma. Det er mange flotte gevinstar, bl.a. ein iPad. Ta med vener og familie og kom på basar!

Årsmøte i Øystese Indremisjon

Torsdag 13. mars kl. 18.00 er du velkomen til årsmøte for Øystese Indremisjon (ØIM) i Øystese bedehus. Det blir val, gjennomgang av årsmelding og årsrekneskap og samtale om arbeidet. Velkomen til årsmøte!

Basar fredag 14. mars

basarDet Norske Misjonsselskap (NMS) sine foreiningar i Vikøy og Norheimsund skal ha basar fredag 14. mars i Norheimsund bedehus kl. 18.30. Det vert andakt av Sokneprest Johnny Knudsen. Heims Musikklag skal spela og me skal ha servering. Åretrekningar og trekking av loddbøkene. Det er alltid kjekt med basar. Me har ein gild kveld saman, samtidig som me får gi ei gåve til det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Det vert loddsal på Rema 1000 og Coop Prix i Norheimsund. Velkomne på basar!

Ungdomskoret samarbeider med HimalPartner

nøuk bilde 2014 m logo nett 2Kvart år reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turné i vinterferien for å samle inn pengar til eit prosjekt. Dette året går turen til Østfold og Akershus. I løpet av ei lita veke skal koret halde konsertar rundt om i fylka. Base blir på Solbukta Ungdomssenter i Gresvik utanfor Fredrikstad. I år blir det samla inn til eit HimalPartner-prosjekt i Nepal. Prosjektet støttar arbeidet som blir drive mellom psykisk utviklingshemma og mentalt sjuke i Kathmandu, Nepal. Målet er at dei sjuke kan få eit liv der dei blir inkludert i samfunnet og blir respektert som verdifulle menneske. Turnékostnadane betaler ungdommane sjølve, så alle innsamla midlar går uavkorta til koret sitt misjonsprosjekt.
Fortsett å lese «Ungdomskoret samarbeider med HimalPartner»