Velkomen til møte!

Sundag 19. august kl. 11.00 ynskjer Norheimsund Indremisjon velkomen til haustens fyste sundagsmøte. Det blir tale av Tor Øystein Holm og song av Nancy Karine Sangolt. Velkomen!

Tid for dugnad

Det vert dugnad i Norheimsund bedehus også i vår. Oppgåver: vasking, rydding, montering av nye gardiner, maling, bona golv m.m. Tidspunkt: 17.30 – 20.30 med innlagt kaffipause. Oppsette dagar: tysdag 29. mai, onsdag 30. mai, torsdag 31 mai, måndag 4. juni, tysdag 5. juni, onsdag 6. juni. Me ynskjer mest deltaking frå starten, men er takksame for all hjelp. Kanskje nokon ynskjer å arbeide på dagtid? Kontakt leiar i husstyret Olav Helleve (epost: rag-he@online.no/ tlf. 91122640) dersom du har høve til å delta.

Evangelisering i Norheimsund

4. – 5. mai arrangerte Origo evangeliseringshelg i Norheimsund. Me hadde besøk frå Open Air Campagniers og inviterte til møte fredag og laurdag. I tillegg til dette hadde me laurdag eit evangeliseringsseminar og påfølgande gateevangelisering i Norheimsund. I løpet av dei tre timane me brukte i Grova denne laurdagen fekk me oppleva alle årstidene om ein annan. Dette gjorde det heile til tider utfordrande, men desto kjekkare når sola først kom. Omlag klokka 12.30 passerte den første snøbyga og i løpet av tre minutt klarna dei heilt opp. Me hadde like før bede Jesus om å stilla stormen for oss, og bønesvaret vart meir konkret enn me kunne tenkt oss.

Fortsett å lese «Evangelisering i Norheimsund»

17. mai – fest

Velkommen til 17. mai – fest i Norheimsund bedehus torsdag 17.05 kl.18.30. Harry Wiig Andersen held dagens tale. Solrun Leiren les dikt. Det vert også kulturelle innslag, leikar og mat.