
Rejoice er Origo sitt største satsingsområde gjennom året. I år vart ungdomskonferansen arrangert 28. – 30. oktober. Over hundre deltakarar var samla til møte, konsertar, lovsong, bøn, seminar og fellesskap i Norheimsund bedehus! Tema for helga var «Frihet». Her kan du lese meir om helga.
Talar på kveldsmøta var Tor Ingvald Lauvrak. Talen hans laurdag kveld gjorde spesielt inntrykk på mange, noko som resulterte i at ein god del kom til forbøn denne kvelden. Ruben Lie Monsen og Andreas Sørås tala på dagmøta. Talane frå Rejoice kan høyrast i podcasten vår.
Fem studentar frå Bildøy Bibelskole var med heile helga. Dei hadde oppgåver som forbøn, møteleiing og å berre vere tilstades i miljøet. Seminarhaldarar var Ruben Lie Monsen, Emil André Erstad, Arne Opsahl-Engen og Ragnhild Nesse. Møta innehaldt tale, musikkinnslag, bønevandring, forbøn, nattverd og mykje lovsong.
Årets konsertar var med koret Gospel Bergen og Paul Grønseth. Paul var også lovsangsleiar på møta.
Takk for i år og velkomen tilbake til Rejoice 2012!
Her kan du sjå bilete frå Rejoice 2011 (foto: Bård Sørheim):







