Me er i starten av kjøkenfornyinga som vart vedteken på årsmøtet i februar, målet er å få ferdig det vesle «møtekjøkenet» i 1. etg. i løpet av våren. Me ynskjer å gjera det meste på dugnad for å redusera kostnaden. Då treng me dugnadsfolk, og har du anledning til å bidra – på dag- eller kveldstid – så meld ifrå til Olav Helleve (911 22 640) og avtal kva tid og arbeid som høver. Arbeidsoppgåver: Tilleggsisolering, legging av golvbelegg, montering av kjøkenseksjonar (flatpakka), skifta 3 vindaugo og dør, måling og diverse anna. Vel møtt!
Her finn du info om nye kjøken oppe og nede i Norheimsund bedehus.






Det Norske Misjonsselskap (NMS) sine foreiningar i Vikøy og Norheimsund skal ha basar fredag 20. mars i Norheimsund bedehus kl. 18.30. Det vert andakt av Johnny Knudsen og musikk ved Heims Musikklag. Åretrekningar og trekking av loddbøkene. Det er alltid kjekt med basar. Me har ein gild kveld saman, samtidig som me får gi ei gåve til det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Velkomne på basar!