Det er juli og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – juli 2013: Gudrun Skeie Langeland. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.
Klart for Sommarens storsamling i Norheimsund!
IMS sitt årsmøte vert arrangert i Norheimsund dette året. Fredag brakar det laus med opningskonserten «Gla’song» i Norheimsund idrettshall. På konserten får me oppleve ungdomskoret Respons frå Ålesund, Kjell Strømme, Linn og Knut Inge Røen, husorkester og forsongarar. Laurdag er det klart for opningsmøte og forhandlingar på Framnes før stemnet fortset med familiekonsert med Tore Thommassen, stormøte og korkonsert. Sundag er det festmøte og familiemøte i hallen. Det blir eige barne- og ungdomsopplegg heile helga. Heile programmet finn du her. Lokale arrangørar er Norheimsund Indremisjon, Øystese Indremisjon og Tørvikbygd Indremisjon. Velkomen til Norheimsund!
Månadens profil – juni 2013
Det er juni og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – juni 2013: Anne Kari Sørheim. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.
Månadens profil – mai 2013
Det er mai og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – mai 2013: Gebrebirhan Geremeskel. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.
Ungdomsgudsteneste i Øystese
Sundag 26. mai arrangerer Origo UNG ungdomsgudsteneste saman med Øystese sokneråd i Øystese kyrkje. Gudstenesta startar kl. 19.00. Lars Arne Vik er prest og Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek med song og musikk. Det vert nattverd og kollekt. Etterpå vert det sal av grillmat i Øystesefjøra. Alle er velkomne!
Tid for ny dugnad i Norheimsund bedehus
Tysdag 4. juni og torsdag 6. juni kl. 17.30 – 20.30 (med innlagt kaffipause) er det klart for den tradisjonelle dugnaden med vasking, rydding m.v. Men det skal også gjerast ein del arbeid i salane med nye teppefliser, fornying av podiet, litt maling og snikring m.m. Dette arbeidet byrja 18. mai (sjå biletet) og er berekna å vera ferdig 9. juni. Me tek difor kveldsdugnader tysdag 28. mai og torsdag 30. mai kl. 17.30 – 20.30. Høver det betre på dagtid så er det ok. Ta kontakt Olav Helleve (rag-he@online.no/ tlf. 91122640) dersom du har høve til å møta. Vel møtt!
Nye sundagssamlingar
Siste ordinære sundagssamling var i Øystese bedehus 28.april. Norheimsund Indremisjon og Øystese indremisjon ynskjer å leggje tilrette for samlingar også utover sommaren. Samlingane vert siste sundag i månaden. Den fyrste sundagssamlinga vert sundag 30.juni kl 20.00 heime hjå Eli og Tor Tveitane, Vallandsvegen 28 i Norheimsund. Det vert lovsong, deling og bøn. Alle er velkomne!
Klart for bedehusbasar
Fredag 19. april kl. 18.30 vert det basar i Norheimsund bedehus. Inntektene frå basaren går til drift og vedlikehald av bedehuset. Flotte gevinstar vert lodda ut, bl.a. iPad, hekla sengeteppe, Hardangerbestikk, tresnitt, festdrakter, husflidvarer m.m. Det blir andakt ved Herdis Austevoll og song av Nancy Karine Sangolt. Andre stikkord er åresal, hovudtrekning, kaffi og kaker. Det vert loddsal i bedehuset frå kl. 18.00. Alle er velkomne!
Månadens profil – april 2013
Det er april og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – april 2013: Olav Skeie Lid. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.
Månadens profil – mars 2013
Det er mars og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – mars 2013: Sevinj Asgarova. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.