MØT RAEL OG SAMSON LOKIPUNA FRÅ POKOT, KENYA

aaaI samband med generalforsamlinga (GF) til Norsk Luthersk Misjonssamband i juli er Rael og Samson Lokipuna inviterte som gjester saman med fleire andre frå samarbeidande kyrkjer ikring i verda. Me her i Kvam er så heldige å få besøk av Lokipuna i forkant av GF. Tysdag 30. juni kl. 19.30 vert dei derfor å treffa på bedehuset i Norheimsund. Der vil dei både dela sitt vitnemål med oss og fortelja frå sitt liv og arbeid i Pokot, vest i Kenya gjennom både filmpresentasjon og tale.
Lokipuna, som no er biskop i det nord- vestre bispedømet i den lutherske kyrkja, har ein mangfaldig livsveg bak seg. Å få snakka med og stilla spørsmål til folk som tilhøyrer ein heilt annan kultur er både gjevande og interessant. Så dette må du få med deg! Velkomen!