Norheimsund bedehus og Øystese bedehus

I det siste har representantar for bedehusa både i Øystese og Norheimsund vorte uformelt kontakta av personar i Kvam herad for å sondera om me er villige til å selja bedehusa.  I Norheimsund treng heradet meir uteområde til barneskulen. I Øystese er det likevel ikkje aktuelt for heradet å kjøpe bedehuset.

Det er sett ned ein komité som ser på saka. Meir info kjem etter kvart.

NMS misjonsmøte med basar 16. februar

NMS-foreninga i Norheimsund ynskjer å støtta Framnesrussen sitt misjonsprosjekt «Ikkje til salgs». Prosjektet jobbar mot menneskehandel i Thailand. I samband med dette blir det misjonsmøte med basar i Norheimsund bedehus fredag 16. februar kl. 19.00. Prosjektleiar Emma Gunvordal blir med. Ho skal fortelje om prosjektet og vise bilete frå turen dei har hatt til Thailand. Heims Musikklag vert med og Johnny Roy Knudsen skal ha andakt. Det blir kaffi og heimebakst før åresalet startar. Håpar mange finn vegen til bedehuset. Vel møtt!

Nytt styre i Øystese Indremisjon!

På årsmøtet til Øystese Indremisjon sundag 28. januar var det val av nytt styre og husstyre.
Styret for 2024 er samansett slik: Bent Inge Bentsen (leiar), Vidar Sangolt, Anna Mette Hals Klyve, Ingunn Bentsen, Jakob Haaberg, Vidar Stensletten Eik, Nils Gunnar Oma og Randi Sæleset.

Husstyret består av Jarle Sortevik, Egil Gammelsæter, Anders Sæleset og vaktmeister Jakob Haaberg.

Me ynskjer dei nye styra lukke til med arbeidet!