Digital IMS forsamlingskonferanse

Forsamlingskonferansen som skulle vore i Norheimsund 13. februar, vert digital. Tidsramma er kl. 11.00 – 15.00, inklusive 30 minutt lunsjpause og småpausar.

Du kan følgja konferansane frå di eiga stove, åleine eller saman med nokre få andre. Så er fordelen med digitale konferansar at dei vert lett tilgjengeleg for alle; du slepp å bruka tid på å reisa, og du kan få med deg konferansane same kor du bur. Sjølv om mykje er nedlagt av møte og treffpunkt nett no, er dette ei tid det gjerne er ekstra viktig å koma saman for felles påfyll og inspirasjon. Så er det også ei god tid for å planleggja for framtida.

Her kan du melda deg på til Forsamlingskonferansen: https://docs.google.com/forms/d/1x9JNHIBfxSolg-fxFs0AEwjZ2vhkFKGFJsgWv_nXo9o/viewform?edit_requested=true

Konferansane er gratis, men det vert høve for å gi ei gåve til IMS.

Du vil få link til zoom etter at du er påmeldt.

«Forsamlingsbygging» – digitale sendingar frå Øystese bedehus

Dei komande tre sundagane, 24.01, 31.01 og 07.02, vert det digitale sendingar frå Øystese bedehus! Roald Evensen frå ImF og Egil Gammelsæter samtalar om temaet «Forsamlingsbygging» med utgangspunkt i ni punkt frå forsamlingsstudiet til svenske Carl-Erik Sahlberg frå S:ta Clara-menigheten i Stockholm. Ei gruppe frå Norheimsund og Øystese ungdomskor deltek med song og musikk. Episodane blir tilgjengeleg på YouTube og Facebook kl. 11.00. Evensen kjem tilbake til Øystese 7. – 11. april. Då blir det møteveke – «live» forhåpentlegvis 😉

Årsmøte for Norheimsund Indremisjon

Velkommen til årsmøte for NIM fredag 5. januar kl. 18.00. Dersom me ikkje kan samlast inntil 50 personar, prøver me å samlast fredag 19. februar kl. 18.00 i staden. Følg med her på sida. Vanlege årsmøtesaker.  Sjå innkalling og årsmelding. Ta med niste og kopp, så får du kaffi, te eller saft! Hugs medlemskontigent for 2021 kr. 250,- per person til betaling på NIM konto nr. 3530.20.31469. Merk betalinga med medlemskontigent 2021 + namnet ditt.

Covid-19; Oppdatering!

Godt nytt år til alle bedehusvener! Det nye året starta ikkje heilt slik me hadde tenkt. I samsvar med dei nye nasjonale smitteverntiltaka avlyser me alle arrangement i Norheimsund bedehus og Øystese bedehus i perioden 4. – 18. januar. Storsamlinga som var planlagt i Øystese idrettshall 24. januar vil bli flytta til eit seinare tidspunkt. Meir informasjon om kva som skjer vidare kjem når me veit meir 🙂 Mvh NIM og ØIM

Vil du støtte Øystese Indremisjon?

Eit spesielt år går mot slutten. Ein del arrangement har vorte gjennomført, men mykje er blitt avlyst på grunn av situasjonen me står i. Redusert aktivitet har gjeve ØIM mindre inntekter både til ungdomsarbeid og drift ellers. Vil du vere med å støtte ØIM med ei ekstra gåve no på slutte av året? Det er veldig enkelt. Bruk denne linken; Indremisjonsforbundet (xledger.me) og få automatisk skattefrådrag. ImF rapporterer til skattemyndighetene. Du kan betale med vipps eller kort. Eingongsbeløp eller faste trekk… Me blir glade for alle bidrag! ØIM ynskjer alle ei velsigna julehøgtid, så sjåast me på nyåret 😉

«Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss.» Matteus 1, 23

Med helsing styret i Øystese Indremisjon; Andreas Ølfarnes, Jakob Haaberg, Richard Longo, Nils Gunnar Oma, Sarah-Linn Black, Vidar Sangolt, Miriam Almeland, Randi Sæleset og Bent Inge Bentsen.

Allesamansamling 20. desember

Etter litt lette i restriksjonar er store og små velkomne til adventssamling i Norheimsund bedehus søndag 20. desember. Det vert to (like) samlingar, kl. 10.30 og kl. 12.00 (dørene opnar 15 min. før). Temaet er «Fredsfyrsten», andakten har Eli S. Tveitane og Jostein Moldsvor.  Me syng julesongar og lærer litt om jul i andre land. Kollekt til NIM-arbeidet. 

Grunna avgrensing på deltakarar til maks 50, vert det påmelding til samling 1 eller 2.  Send melding til: Eli S. Tveitane, 47 30 89 81 eller est@bushsoft.com innan fredag 18. desember kl. 17.00.  Gje melding om namn, telefonnummer, og kor mange vaksne og barn som kjem frå familien. Vanlege reglar for smittevern vert følgde. Skulle du vera småsjuk er det fint om du held deg heime. Det vert ikkje grupper for borna og servering, berre noko lite som borna kan ta med seg.

Velkommen til adventsamling!

Lucia med Shine

Laurdag 12. desember spelte barnekoret Shine inn Luciasongen og to andre julesongar. Solfrid Lindøy fortel også historien om Lucia. Videoen blir tilgjengeleg kl. 12.00 i dag, 13. desember.