Jubileumsspelet om Hans Nielsen Hauge kjem til Norheimsund! Tysdag 16. november kl. 19.00 kan du oppleve dette i Norheimsund kyrkje! Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn og trongsynte pietistar? Hans Nielsen Hauge og haugianismen er ein himmelsk lapskaus av kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og omsorg. Haugerørsla har sett djupe spor i landet generelt og Vestlandet spesielt. Haugerørsla var også opptakten til Indremisjonssamskipnaden (IMS).
Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen, 250 år etter Hauge sin fødsel. Me trur jubileumsspelet kan hjelpa oss til å sjå kvifor me blei som me blei her i landet. Bli med tilbake til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet – med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løpande band. Fire skodespelarar og musikar speler 30 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar.

Billettar kjøper du ved inngangen frå kl. 18.00. Møt i god tid! Velkomen! Arr.: Norheimsund Indremisjon, Øystese Indremisjon, Øystese sokneråd og Vikøy sokneråd.