Julekonsert i Øystese bedehus 16. desember – AVLYST!!

Konserten er dessverre avlyst pga. den pågåande smittesituasjonen, usikkerhet og restriksjonar.

Torsdag 16. desember kl. 19.00 kjem duoen Ingebjørg Andrea Ådnanes (bl.a kjent fra The Voice 2021) og pianisten Simon Madsen til Øystese bedehus for å ha julekonsert. Denne konserten er ein del av ein julekonsertturné dei har på vestlandet. Konsertrepetoiret vil variera mellom nye og tradisjonelle julesongar både på norsk og engelsk, også sjølvskrive materiale. Songar på engelsk vert teksta til norsk på skjerm. Billettar kjøper du på TicketCo. Kr. 298,- for vaksen og kr. 198,- for barn (inkl. billettavgift). Klikk her for å kjøpe billett.

Dette blir ei oppleving du ikkje må gå glipp av!