Nye treningstider for Krik 13-19

Krik Kvam ynskjer velkomen til Krik 13-19. Krik 13-19 er for alle frå 8. klasse t.o.m. vidaregåande skule. Me har fått ny treningstid. Frå no av blir det trening onsdagar kl. 20.00 – 22.00 i Norheimsund idrettshall. Her blir det leik og moro, ballspel og andakt. Klikk her for meir info om datoar. Fyrste Krik 13-19 – samling blir onsdag 14. september. Velkomen!

Ungdomsweekend på Helgatun

Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Krik Kvam og Origo Ungdomsklubb ynskjer velkomen til weekend 30. september – 2. oktober. Turen går til leirstaden Helgatun som ligg mellom Voss fjellandsby og Vikafjellet. På turen satsar me på å bli godt kjent og skape eit godt samhald. På programmet står blant anna aktivitetar som fotballturnering, natursti, bordtennis, dyrelotto, lovsong og underhaldning av topp klasse! Fortsett å lese «Ungdomsweekend på Helgatun»

Klart for fyrste sundagssamling

Sundag 11. september kl. 20.30 er det klart for sundagssamling i Øystese bedehus. Det blir lovsong, bøn, song av Nancy Karine Sangolt, samtale og kollekt. Her finn du oversikt over kor tid det er sundagssamling i haust. Velkomen til Øystese bedehus på sundag!

Velkomen til nytt semester!

Sundag 28. august kl. 17.00 blir det storsamling i Norheimsund bedehus. Det vert song og musikk, tale v/ Kjell Strømme, kollekt, eige opplegg for borna og kveldsmat. Tema for denne samlinga er «…dersom, viss, så framt, i fall…». Alle er hjarteleg velkomne!
Det vert i alt fire storsamlingar i haust. Nytt av året er at det i tillegg vert arrangert sundagstreff mellom storsamlingane. Det vil seie at det vert kun to veker mellom samlingane. Meir info om sundagssamlingane kjem etter kvart. Møtekalenderen er no oppdatert. Velkomen til nytt semester!

Leiarsamling i Origo UNG

Eit nytt aktivitets- og skuleår ligg framfor oss. Indremisjonen har no to tilsette ungdomsarbeidarar med ansvar for den praktiske avviklinga og utviklinga av Origo Ungdomsklubb, Norheimsund & Øystese Ungdomskor, KRIK, bibelgrupper/ husfellesskap og andre kreative/ utadretta arrangement. Dette for å nå ut til og bevare ungdommane i Kvam. Me ynskjer å setje ein kurs og finne ut kvar vegen skal gå vidare; Korleis kan me best mogleg utvikla arbeidet i tråd med vår visjon?
Fortsett å lese «Leiarsamling i Origo UNG»

Har du leiker til overs?

Øystese bedehus treng leiker av type duplo, bilar, dokker, leiketeppe osv. Har du noko til overs? Ta kontakt med Lisbeth Fredheim Oma på tlf. 99257151 eller epost lisbeth@laoma.no.

Fjelltun-møte i Norheimsund

Onsdag 1. juni kl. 19.30 blir det møte med Fjelltun Bibelskole i Norheimsund bedehus. Det blir tale ved Jan Helge Aarseth og kollekt til bibelskulen. Studentane bidreg med song og vitnesbyrd. Alle er velkomne!