Julemesse i Norheimsund bedehus

Laurdag 19. november er det klart for Norheimsund, Øystese og Tørvikbygd Misjonssamband si julemesse. Messa startar kl. 10.00. Arrangøren lovar eit stort utval av matvarer, hobby- og husflidsvarer. I kjellaren vert det kafeteria med sal av graut frå kl. 13.00 og sal av nysteikte mjølkekaker heile dagen. Det vert også åresal og trekking av loddbøker. Kl. 12.00 er det familiemøte. Turid Amenya har andakt og barnekoret Shine syng. Kl. 15.00 er startar misjonsmøtet. Her er det Johnny Leikvoll som står for andakten. Ta turen innom Norheimsund bedehus på laurdag!

Fleire talar på podcasten

Dei to fyrste bibeltimane til Egil Gammelsæter om Efeserbrevet er no publisert. I tillegg kan du lytte til journalist Johanna Hundvin Almelid sin tale frå storsamlinga 23. oktober og bibeltimen til Johnny Knudsen 27. september. Du kan høyre talane på podcasten vår.

Klart for ny storsamling

Sundag 23. oktober er det klart for haustens tredje storsamling, denne gong i Norheimsund bedehus. Me får besøk av journalist Johanna Hundvin Almelid. Ho er journalist i avisa Dagen. Temaet for samlinga er «Gud i vårt bilde?». Almelid har skrive boka «Søker: Gud – om åndelig lengsel i vår tid». Det blir også song av barnekoret SHINE. Samlinga startar kl. 17.00. Velkomen!

Rejoice 2011

Det er snart klart for niande utgåve av ungdomskonferansen Rejoice. Rejoice 2011 går av stabelen 28. – 30. oktober i Norheimsund bedehus. Evangelist Tor Ingvald Lauvrak er årets talar. Han er 33 år, kjem frå Askøy og er tilsett som forkynnar i IMF. «Jeg brenner for at ungdom skal få
møte Jesus. Da er det fantastisk å være et sted der det blir lagt til rette for
dette.» Tema for årets konferanse er «Frihet».

Paul Grønseth skal vere lovsongsleiar. Paul er lovsongsleiar i Ungfila i Oslo. Bli betre kjent med han i denne artikkelen henta frå iTro (NLM).

På Rejoice vert det møte, seminar, kafe, fotball- og volleyballturnering i Norheimsund idrettshall, lovsongskonsert med Paul Grønseth og konsert med koret Gospel Bergen. Her finn du meir info om Rejoice 2011!

Fortsett å lese «Rejoice 2011»