På årsmøtet til Norheimsund Indremisjon, fredag 31. januar, vart fylgjande styre valt; Eli Tveitane (leiar), Tore Skeie, Jakob Bjørke, Solveig Norheim, Åslaug Bjelland Sætrenes, Solveig Lønning Sangolt (1. vara) og Ole Bjørn Kristensen (2. vara). Me ynskjer det nye styret lukke til!
Medlemsmøte: Arbeidet på bedehuset
Onsdag 12. februar kl. 19.30 blir det medlemsmøte for Norheimsund Indremisjon i Norheimsund bedehus. Dette er ein viktig møtestad for å dela tankar om arbeidet og koma med gode innspel til styret. Eli S. Tveitane har kort innleiing (framhald frå årsmøtet). Etterpå blir det samtale rundt småbord om saker frå årsmøtet medlemane ønskjer å snakka vidare om og om sastingsområda foreslått i årsmeldinga. Kva tenkjer me er viktig i tida framover? Det blir enkel servering. Set av kvelden og ver med å gjera fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera! Velkommen til undervisning, mat og prat!
Velkomen til NØUK – basar

Vaskehjelp i Norheimsund bedehus!
Vaskedugnaden på bedehuset fungerer fint, men det trengst nye med i dugnadsgjengen. Ein har ansvar for reinhald ei veke om gongen, om lag tre gonger i året. Ta kontakt med Ole Håland (tlf. 97623246) dersom dette kan vere noko for deg. Vanlegvis er det to som deler på ansvaret kvar veke. – husstyret i NIM –
Årsmøte for Øystese Indremisjon
Årsmøte for Norheimsund Indremisjon


