I år vert basaren fredag 19. april i Norheimsund bedehus. Loddsalet byrjar 8. april. Denne inntekta betyr mykje for at økonomien skal gå i hop, det kostar med både drift, vedlikehald og fornying av bedehuset. Me vonar difor at mange også i år vil slutta opp om basaren med gevinstar – både til hovedtrekning og åresal – og ikkje minst ved å kjøpa loddar når den tid kjem. Ynskjer du å gje pengar til gevinstar kan Solrun Leiren ta imot, eller du kan betala til konto nr. 3530.20.69512 (NIM).

Fredag 22. februar reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turne. Turen går til Hedmark. Base blir på Grimerud gård like utanfor Hamar. Koret skal halde konsert i Vallset, Hamar, Kongsvinger, Gjøvik og på Grimerud. Årets misjonsprosjekt er Ungdom i Oppdrag sitt arbeid i Constanta, Romania. Turneen vert avslutta onsdag 27. februar. Måndag 4. mars kl. 19.30 er alle velkomen til heimkomekonsert i Norheimsund kyrkje. Ver med å be for koret og turneen!
Fredag 1. februar var det årsmøte for Norheimsund Indremisjon (NIM) i Norheimsund bedehus. No ligg årsmelding og årsrekneskap for 2012 ute her på bedehusweb.no. Du må logge deg på med passord for å sjå desse. Passordet blir sendt ut til alle medlemmene i NIM på sms i dag.
Det er februar og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – februar 2013: Margrete Lid Kjosås. 


