17. til 20. februar er det misjonsveke i regi av NMS Øystese/ Norheimsund. Talar er John Steinar Dale. Hovudtema på samlingane er «Godt nytt frå Midtausten». Dale har vore misjonær på Madagaskar i 15 år, prest i Stavanger og har lenge vore aktiv i SAT-7 som er dei kristne kyrkjene sin satellitt–tvkanal i Midtausten og Nord-Afrika. SAT-7 har 5 kanalar og sender døgnet rundt og har i år 15-årsjubileum. Dale kjenner godt dette eineståande misjonsarbeidet og situasjonen i Midtausten. Vi gled oss til inspirerande samlingar!
Fortsett å lese «Misjonsveke i Øystese og Norheimsund 17. – 20. februar»