IMS-familieleirar på Brandøy og Helgatun

Tenk å få reisa på familieleir med bibelsamlingar, møte, mat, leikar, humor, alvor, musikk, song og masse aktivitetar tilrettelagt for heile familien. Indremisjonssamskipnaden (IMS) har eit strålande tilbod på Brandøy og Helgatun 6.-10.juli. Påmeldingane er alt komen i gang. Spreke og oppfinnsame leiarar står klare til å leggja alt til rette på beste måte for alle som kjem. Borna og ungdommane vert delt inn i ulike klassar slik at samlingane og aktivitetane skal passa for den enkelte. Dei vaksne skal også få dekkja sitt behov med tanke på undervisning og opplegg. Og sjølvsagt vil me ha fellessamlingar for alle. For mange betyr det mykje at me har ”barnevakter” i gangane på kveldane slik at dei vaksne kan vera på si samling og veta at borna har det tryggt der dei er.


Leiarar på Brandøy vert Olaug og Jan Ove Fagerheim, Ingebjørg og John Morten Espevik, Rakel og Bjørn Saghaug, Kristin og Tor Espen Kristiansen og Kåre Johan Hamre. I tilegg vert også ein ungdomsgjeng med. Leiarar på Helgatun vert Linda og Bjarte Nordtun, Torill og Alf Jarle Langeland, Åstrid og Svein Bjarne Aase og Gunhild og John Inge Rolfsnes. I tilegg vert ein ungdomsgjeng med. Påmelding kan gjerast til Indremisjonskontoret tlf.53410704, post@indremisjonen.no eller på indremisjonen.no. Klikk her for å sjå fullstendig oversikt over IMS sine sommarleirar.