Bedehusbasaren 2013

basar 001I år vert basaren fredag 19. april i Norheimsund bedehus. Loddsalet byrjar 8. april. Denne inntekta betyr mykje for at økonomien skal gå i hop, det kostar med både drift, vedlikehald og fornying av bedehuset. Me vonar difor at mange også i år vil slutta opp om basaren med gevinstar – både til hovedtrekning og åresal – og ikkje minst ved å kjøpa loddar når den tid kjem. Ynskjer du å gje pengar til gevinstar kan Solrun Leiren ta imot, eller du kan betala til konto nr. 3530.20.69512 (NIM).

 

Ungdomskoret klar for ny turne

kor 2013 webFredag 22. februar reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turne. Turen går til Hedmark. Base blir på Grimerud gård like utanfor Hamar. Koret skal halde konsert i Vallset, Hamar, Kongsvinger, Gjøvik og på Grimerud. Årets misjonsprosjekt er Ungdom i Oppdrag sitt arbeid i Constanta, Romania. Turneen vert avslutta onsdag 27. februar. Måndag 4. mars kl. 19.30 er alle velkomen til heimkomekonsert i Norheimsund kyrkje. Ver med å be for koret og turneen!

Årsmelding og årsrekneskap for Norheimsund Indremisjon 2012

Norheimsund IndremisjonFredag 1. februar var det årsmøte for Norheimsund Indremisjon (NIM) i Norheimsund bedehus. No ligg årsmelding og årsrekneskap for 2012 ute her på bedehusweb.no. Du må logge deg på med passord for å sjå desse. Passordet blir sendt ut til alle medlemmene i NIM på sms i dag.

Klikk her for å lese årsmeldingane.

Gospelnight 8. februar

gospelnightplakat2013Fredag 8. februar kl. 20.00 inviterer Origo til GOSPELNIGHT i Norheimsund bedehus. Me får besøk frå Ungdom i Oppdrag Romania. Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek. Etterpå blir det kafe! Alle er velkomne!

Sundagsskule i Øystese

513052726logo_NSSFDenne våren vert det sundagsskule på laurdagar i bedehuskjellaren i Øystese bedehus kl 12.00-13.00. Det er samlingar fylgjande laurdagar: 12. januar, 16. februar, 16. mars og 20. april. Sundagsskulehalvåret vert avslutta med at me tek del på utegudsteneste på skuleplassen på Fykse måndag 20. mai, andre pinsedag, kl 11.00. Etterpå vert det grillfest!
På sundagsskulen gjer me det ein alltid gjer på sundagsskulen: syng saman, deler ei bibelforteljing, tek ein matbit og har leik og moro. Leiarar er Erland Brennsæter, Torunn Klyve Soldal, Helga Vestrheim Tolo, Anne Merete Flekstad Vik og Lars Arne Vik. Arrangør er Øystese Sundagsskule, Øystese Indremisjon og Øystese sokneråd. Vel møtt!!