Ungdomsgudsteneste i Øystese på fredag!

Fredag 13. april kl. 20.00 arrangerer Origo Ungdomsklubb og Øystese Sokneråd ungdomsgudsteneste i Øystese kyrkje. Lars Arne Vik er prest. Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek med song og musikk. Det vert bønevandring og nattverd. Etter gudstenesta inviterer Origo til kafe i Øystese bedehus. Alle er hjarteleg velkomne!

IMS-familieleirar på Brandøy og Helgatun

Tenk å få reisa på familieleir med bibelsamlingar, møte, mat, leikar, humor, alvor, musikk, song og masse aktivitetar tilrettelagt for heile familien. Indremisjonssamskipnaden (IMS) har eit strålande tilbod på Brandøy og Helgatun 6.-10.juli. Påmeldingane er alt komen i gang. Spreke og oppfinnsame leiarar står klare til å leggja alt til rette på beste måte for alle som kjem. Borna og ungdommane vert delt inn i ulike klassar slik at samlingane og aktivitetane skal passa for den enkelte. Dei vaksne skal også få dekkja sitt behov med tanke på undervisning og opplegg. Og sjølvsagt vil me ha fellessamlingar for alle. For mange betyr det mykje at me har ”barnevakter” i gangane på kveldane slik at dei vaksne kan vera på si samling og veta at borna har det tryggt der dei er.

Fortsett å lese «IMS-familieleirar på Brandøy og Helgatun»

Treng du forbøn?

Kvar onsdag morgon kl 08.00 er det bønemøte i kjellaren i Øystese bedehus, i regi av Øystese Indremisjon og Øystese kyrkjelyd. Me kan be for deg! Treng du forbøn eller har du eit bøne- eller takkeemne, kan du senda ein e-post til Hans Kristian Bjelland (hkbjel@broadpark.no). Me vil be for deg og/eller det du vil me skal be for når me samlast.

Ungdomskoret arrangerer basar

Sundag 18. mars kl. 16.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor basar i Norheimsund bedehus. Det vert både boktrekning og åretrekningar. Arne Opsahl-Engen held andakt og ungdomskoret syng. Konferansiér er Geir Johnny Undal. Det er mange flotte gevinstar. Hovudgevinsten er ein godt utstyrt kajakk. Ta med vener og familie og kom på basar!

Ungdomskoret klar for turné

Fredag 24. februar reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turne til Telemark. Base blir i Skien. Koret skal ha møte og konsertar i Skien, Stathelle, Porsgrunn, Kviteseid og Langesund. I år samlar koret inn midlar til eit Ungdom i Oppdrag-prosjekt blant Arsi-folket i Etiopia. Prosjektet går ut på å skaffe midlar til byggjing av kristne skular og barnehagar i mulimsk oråde. Prosjektet er støtta av Norad. Medlemmene betalar turen sjølve, så alt som kjem inn går uavkorta til prosjektet. Reisfylgje tel totalt 40 personar. Måndag 5. mars kl. 19.30 kan du høyre koret i Øystese kyrkje. Då inviterer foreldregruppa i koret til heimkomefest. Ver med å be for turneen!

Barnehelg i mars

Helga 9. – 11. mars arrangerer Norheimsund Indremisjon barnehelg i Norheimsund bedehus. Tema er «Jesus som vegvisar». Barne- og ungdomsarbeidar i IMS, Ragnhild Nesse (bilete), kjem på besøk. Det vert song, andakt og leik og moro på samlingane. Fredag er det samling med pizza kl. 18.00. Laurdag er det samling med laurdagsgraut kl. 13.00. Helga vert avslutta med storsamling sundag kl. 17.00. Velkomen!

Nytt styre i Øystese Indremisjon

På årsmøtet for Øystese Indremisjon onsdag 15. februar vart det valt nytt styre. Det nye styret består av Harald Kjosås, Lisbeth Hanne Fredheim Oma, Astri Soldal og Andreas Ølfarnes. Anna Mette Hals Klyve er varamedlem. Styret har ikkje konstituert seg enno.