Velkomen til inspirasjonssamling
Bli med på Lovsangskveld!
Saman på Storsamling!
Velkomen til storsamlingar i haust! Ein sundag i månaden vert det samling for alle i familien i Norheimsund eller Øystese bedehus kl. 17.00. Den første samlinga er sundag 28. august i Norheimsund bedehus. Når me er på storsamling, har me lovsong, bibelforteljing, bøn, info om støtteprosjektet og leik før me deler oss. Det er barnepass for dei minste, sundagsskule frå 3-5 åringar, KRIK-samling i idrettshall eller gymsal for dei som er i skulealder. Dei vaksne får undervisning og anna. Så samlast me til god kveldsmat før avslutning! Inviter med deg ein nabo eller vennefamilie og kom! Det er fint å vera i lag! Les meir om storsamling her.
Finansiering av kjøkken i Norheimsund
Kjøkkenarbeidet i Norheimsund bedehus nærmar seg slutten, men me manglar framleis ca. 400 000 kr for å få betalt alle rekningar. Årsmøtet bestemte difor at styret får fullmakt til å ta opp lån for å dekkje utgiftene. Men dette lånet må betalast tilbake, og me treng difor hjelp av medlemmer og andre som ynskjer å bidra. Ulike forslag kom opp, som å ha kronerulling, at ein kan utfordre 4 andre til å gi. Det er også mogleg å gi ei gåve som eingangssum, eller ei kan gi ei månadleg gåve. Sjå her.
Ekstraordinært årsmøte for NIM onsdag 10. august
Det vert med dette kalla inn til ekstraordinært årsmøte for Norheimsund Indremisjon, 10. august kl. 19.30. Formålet er å sikre finansieringa av ombyggingsarbeidet som er gjort på bedehuset. Innkallinga finn du her.
Velkomen til møteveke!
Velkomen til ungdomsmøte
NØUK syng med Norheimsund Musikklag
Sundag 1. mai kl. 18.00 skipar Norheimsund Musikklag til vårkonsert i Norheimsund idrettshall. Dei har invitert med seg Norheimsund & Øystese Ungdomskor og Kvam Ungdomsstorband. Ungdomskoret oppmodar folk om å kome på konserten!