Kvam Soul Children

Kvam Soul Children startar opp att også denne hausten. Nytt av året er øving på tysdagar klokka 17.30 – 18.15 i Norheimsund bedehus. Øving kvar veke, ikkje annakvar slik det var før. Nytt prosjekt i samarbeid med spelemannsprisvinnaren Naboen min. Meir informasjon kjem i løpet av hausten. Me kan no seia at det er eit innspelingsprosjekt som handlar om jul. Dette vert stas! Om Kvam Soul Children: • Koret er eit ganske nytt kor som vart starta hausten 2017. • Alderen på dei som er med er frå 4. klasse til og med 7. klasse. • Me ynskjer at koret skal ha ein link nedover til Shine, koret for dei frå 5 år til og med 3. klasse, og oppover til Norheimsund og Øystese ungdomskor som er for 8. klassingar og oppover. • Me deltek elles på samlingar i bedehusa i Norheimsund og Øystese, samt kyrkja. Somme gonger deltek me på konsertar, og korweekend saman med andre kor. • Koret følgjer skuleruta og har fri i alle skuleferiar. • Koret er tilslutta Soul Children – bevegelsen. • Dirigent er Nancy Karine E. Sangolt. Oppstart vert tysdag 27. august i Norheimsund bedehus. Velkomen til gamle og nye medlemmer.