Misjonsmøte

imageSundag 12. april kl. 19.00 blir det misjonsmøte i Norheimsund bedehus. Det vert tale ved generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon Rolf Gunnar Heitmann (biletet). Misjonssekretær Odd Bjarne Skogestad deltek også. Det blir misjonsinformasjon og offer. Arrangør er Den Norske Israelsmisjon. Alle er velkomne!

Nye kjøken i Norheimsund bedehus

k5Det har vore fleire oppussingsprosjekt på bedehuset dei siste åra som har gjort huset innbydande og fint, og no er det kjøkenet sin tur. Det er ikkje gjort særlege investeringar på kjøkenet sidan bedehuset var nytt i byrjinga av 1960-talet. Indremisjonen har pengar på bok til å lage kjøken bak vetlesalen i hovudetasjen, men for å kunne gjere hovudkjøkenet i kjellaren godkjent og meir tenleg, trengst det mykje pengar. Har du/ de lyst å vere med å lage eit tenleg kjøken på bedehuset, er me takknemlege for alle gåver. Me treng pengar til å betale handverkarar og materiale, og me treng pengar for å kunne utstyre kjøkenet (nytt service, glas, bestikk, gryter og serveringsfat). De kan øyremerke gåvene og setje inn pengar på den nyoppretta kjøkenkontoen vår 3530.27.67287.
Fortsett å lese «Nye kjøken i Norheimsund bedehus»

Marit Stokken til Norheimsund

marit stokken plakat 1521. – 26. april blir det møteveke med Marit Stokken frå ImF i Norheimsund bedehus. Det blir møte kvar kveld tysdag – sundag kl. 19.30. Sundag kl. 11.00 er det Storsamling med eige barneopplegg. Lokale musikkrefter deltek. Arrangør er Norheimsund Indremisjon. Alle er velkomne!

Jazzmesse i Øystese kyrkje

øystese kyrkjeFredag 27. mars kl. 20.00 inviterer Øystese Indremisjon og Øystese Sokneråd til Jazzmesse i Øystese kyrkje. Jazzmesse er eit musikkverk komponert og arrangert av Sondre Ferstad og Runar Netland, skrive for jazzkvintett. Musikken er nykomponert, og teiknar store, drøymande bilete med ein musikalsk palett. Opplev ein nyskapande og vakker kyrkjekonsert saman med framifrå musikarar frå Oslo; Sondre Ferstad (munnspel), Runar Netland (slagverk), Martin Johannessen (tangentar), Martin Ulltang (kontrabass), Ester Lorentzen (vokal) og Håkon Aulie (lydteknikar). Inngang: 150,- kr. for vaksne og 50,- kr. for studentar/ born. Velkomen!

Basar fredag 20. mars

basarDet Norske Misjonsselskap (NMS) sine foreiningar i Vikøy og Norheimsund skal ha basar fredag 20. mars i Norheimsund bedehus kl. 18.30. Det vert andakt av Johnny Knudsen og musikk ved Heims Musikklag. Åretrekningar og trekking av loddbøkene. Det er alltid kjekt med basar. Me har ein gild kveld saman, samtidig som me får gi ei gåve til det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Velkomne på basar!

Fast gjevarteneste NIM/ ØIM


Me er takksame for at mange er med i gjevartenesta for ungdomsarbeidet både i Norheimsund og Øystese!

Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon har no fått ei ny ordning for gjevartenesta gjennom Indremisjonsforbundet (IMF). Fast gjevarteneste er ei ordning der du kan inngå avtale om faste, jamnlege trekk frå konto. Så ofte som du vil og med det beløp du ynskjer. Du kan få skattefrådag for gåver til veldedig formål. Kvar enkelt person kan få 28% frådrag for beløp opptil 20.000,- pr. år. Det tyder at om du til dømes gjev kr. 20.000,- til saman eit år, vil du få kr. 5600,- igjen på skatten! Ved å inngå avtale om fast gjevarteneste får du automatisk tilsendt årsrapport med beløp som du enkelt fører inn i sjølvmeldinga.

For å inngå avtale om fast gjevarteneste må du fylle ut eit skjema (sjå under). På skjemaet kan du sjølv velje betalingshyppighet. Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon anbefaler alle til å velje månadsvis trekk. På den måten har indremisjonsstyra betre oversikt over økonomien. Skjemaet skal sendast til Indremisjonsforbundet, Steinsvikvegen 30 – Søre Bildøy, 5353 Straume etter utfylling.
Dersom du ikkje ynskjer å inngå avtale om fast gjevartenste, kan du gje ditt bidrag som enkeltgåve. Betal til NIM eller ØIM sin konto og mark betalinga med «gjevarteneste».

Ved spørsmål om fast gjevarteneste, ta kontakt med økonomiansvarleg i Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon.

Norheimsund Indremisjon:
Økonomiansvarleg: Vidar Stensletten Eik, tlf. 47632506 – epost: vidar.s.eik@gmail.com
Kontonummer: 3530.20.31469
Fast gjevarteneste – skjema for NIM

Øystese Indremisjon:
Økonomiansvarleg: Oddvar Ulltang, tlf. 90204201 – epost: oddvar@ulltang.net.no.
Kontonummer: 5277.31.32186
Fast gjevarteneste – skjema for ØIM

divisi til Norheimsund 24. januar!

10862642_890542397630754_7379390944829878638_o24.januar kl 19:00 ønsker divisi sammen med Norheimsund og Øystese ungdomskor å skape et «pusterom» i Norheimsund kyrkje. Med eget repertoar og enkelte ledd fra messen Dobrogosz, håper vi å kunne gi deg en variert musikalsk opplevelse av høy kvalitet. Med oss har vi Hans Petter Tangen på piano. Voksen: 150,- Student: 100,- Barn under 12 år: gratis. Hjertelig velkommen!