Digital IMS forsamlingskonferanse

Forsamlingskonferansen som skulle vore i Norheimsund 13. februar, vert digital. Tidsramma er kl. 11.00 – 15.00, inklusive 30 minutt lunsjpause og småpausar.

Du kan følgja konferansane frå di eiga stove, åleine eller saman med nokre få andre. Så er fordelen med digitale konferansar at dei vert lett tilgjengeleg for alle; du slepp å bruka tid på å reisa, og du kan få med deg konferansane same kor du bur. Sjølv om mykje er nedlagt av møte og treffpunkt nett no, er dette ei tid det gjerne er ekstra viktig å koma saman for felles påfyll og inspirasjon. Så er det også ei god tid for å planleggja for framtida.

Her kan du melda deg på til Forsamlingskonferansen: https://docs.google.com/forms/d/1x9JNHIBfxSolg-fxFs0AEwjZ2vhkFKGFJsgWv_nXo9o/viewform?edit_requested=true

Konferansane er gratis, men det vert høve for å gi ei gåve til IMS.

Du vil få link til zoom etter at du er påmeldt.

«Forsamlingsbygging» – digitale sendingar frå Øystese bedehus

Dei komande tre sundagane, 24.01, 31.01 og 07.02, vert det digitale sendingar frå Øystese bedehus! Roald Evensen frå ImF og Egil Gammelsæter samtalar om temaet «Forsamlingsbygging» med utgangspunkt i ni punkt frå forsamlingsstudiet til svenske Carl-Erik Sahlberg frå S:ta Clara-menigheten i Stockholm. Ei gruppe frå Norheimsund og Øystese ungdomskor deltek med song og musikk. Episodane blir tilgjengeleg på YouTube og Facebook kl. 11.00. Evensen kjem tilbake til Øystese 7. – 11. april. Då blir det møteveke – «live» forhåpentlegvis 😉

Årsmøte for Norheimsund Indremisjon

Velkommen til årsmøte for NIM fredag 5. januar kl. 18.00. Dersom me ikkje kan samlast inntil 50 personar, prøver me å samlast fredag 19. februar kl. 18.00 i staden. Følg med her på sida. Vanlege årsmøtesaker.  Sjå innkalling og årsmelding. Ta med niste og kopp, så får du kaffi, te eller saft! Hugs medlemskontigent for 2021 kr. 250,- per person til betaling på NIM konto nr. 3530.20.31469. Merk betalinga med medlemskontigent 2021 + namnet ditt.