Bibeltimar om Efeserbrevet

Onsdag 25. september kl. 19.30 startar ein bibeltimeserie om Efeserbrevet i Øystese bedehus. Egil Gammelsæter underviser. Undervisninga held fram 2. oktober, 9. oktober, 23. oktober og 30. oktober. Alle samlingane er i Øystese bedehus kl. 19.30. Velkomen!

Velkomen til pizzakveld 5. oktober!

Velkomen til pizzakveld i Øystese bedehus laurdag 5. oktober kl. 18.00! Det blir andakt v/ Egil Gammelsæter, aktivitetar, brettspel, quiz, m.m. Alle får sjølvsagt pizza og brus! Pris kr. 100,- (vaksne), 50,- (barn) og 300,- (familie). Det er inga påmelding. Inviter gjerne vener og kjende.

Sundagstreff med Tor Ingvald Lauvrak

Sundag 22. september kl. 11.00 er det klart for nytt Sundagstreff i Øystese bedehus. Denne gongen er det Tor Ingvald Lauvrak frå ImF som kjem på besøk. Som vanleg blir det mykje song og musikk i samlinga. Barnelaget TREFF har barnesamling i kjellaren. Kaffimat etter møtet. Velkomen!

Dugnad i Norheimsund bedehus

No er vinduene skiftet, og vi er klar for den årlige dugnaden i bedehuset. Har satt av onsdag 25. og torsdag 26. september kl. 17.30 – 20.30 med innlagt kaffipause. Me håpar at mange har høve til å vera med! Meld frå til Ole Håland, epost; olehaland@gmail.com/ tlf. 97623246 om kva dag(ar) som passar, men du er velkomen uansett! Vel møtt!

Forsamlingsweekend for NIM på Wallemtunet

20. – 22. september blir det forsamlingsweekend for Norheimsund Indremisjon på Wallemtunet. Håkon og Rakel Kalvenes og Marta og Fredrik Gravdal blir med. Program for store og små, aktivitetar ute og inne.
Barnefamiliar og andre som treng det får prioritet på overnattingsromma.
Det er mogleg å overnatte heime, men vera med på opplegget. Me gler oss til kjekke dagar i vår vakre fjellheim! Påmeldingsfrist: 1. september.
Send påmelding til Eli S. Tveitane – est@bushsoft.com (tlf. 47308981).
Program og info.
Velkommen til å bli med oss på tur! NIM-styret.

Barnekoret Shine

Fyrstkommande mandag, 26. august er det oppstart for Shine! Det vert øving frå klokka 17.30, og alle som er 5 år i år, til og med 3.klasse er hjarteleg velkomne til å vera med. Ny dirigent er Esmee van der Linden.