Trygve Bjerkrheim – kveld i Øystese laurdag 29. oktober!

Diktaren Trygve Bjerkrheim skreiv over 15000 dikt i løpet av si levetid. Dikta hans, og tekstane som har vorte til songar lever i høgste grad den dag i dag i kyrkjer og kristne forsamlingar. Songen «Det er makt i de foldede hender» vart spelt mykje på radio på femtitalet, ønskekonserten, og er dermed ein av dei mest kjende songane som står att.

Stiftinga Trygve Bjerkrheims venner har som hovudoppgåve å forvalta dikta og songane etter Trygve Bjerkrheim. Det vart difor i 2018 gitt ut ei songbok der ein samla ulike songar etter diktaren. Ulike komponistar i Noreg vart utfordra til å laga nye melodiar til både kjende, og mindre kjende tekstar. Songboka heiter «Himmelbru» og inneheld i alt 411 songar – både kjende og mindre kjende.

Laurdag 29. oktober kl. 19.30 arrangerer stiftinga ein songkveld i Øystese bedehus. Her kjem songar frå boka «Himmelbru» til å bli framført, og ein kan kjøpa denne. Styreleiar i stiftinga, Harald Myklebust, kåserer om Bjerkrheim sitt liv og virke. For anledninga vert han også dirigent for mannskoret Laudamus denne kvelden. I tillegg til Laudamus deltek andre ulike lokale krefter både med song og musikk. Det vert òg mykje allsong. Arne Pareli og Ragnhild Nesse kjem som soltistar utanfrå. Søndagen deltek gjengen på søndagsmøtet der Arne O. Øystese talar, også dette på Øystese bedehus.

Ein håpar at folk frå ulike bygder i Kvam og omegn tek turen innom bedehuset i Øystese denne helga!