Smittevernrutinar for Norheimsund bedehus

RUTINAR FOR SMITTEVERN PÅ ALLESAMANSAMLINGAR i Norheimsund bedehus

(Sjå gjeldande smittevernreglar på www.kvam.no)

  1. Møteleiar har ansvar for å formidla tydeleg informasjon til dei frammøtte (punkt 6).
  2. Dei to møtevertane vert samde om kven som er ‘smittevernleiar’, begge viser gjester på plass i salen og syt for at det er tilstrekkeleg avstand til dei andre (sjå pkt.6) også før/etter arrangementet.
  3.  Ansvarleg for smittevernliste hentar tomme namneskjema for frammøte i brevordnaren på kontoret oppe og legg utfylt liste tilbake dit etter samlinga. Han/ho noterar namn og telefonnr. til ALLE frammøtte (kun foreldre + tal, når det er familiar)  Denne skal lagrast i to veker i fall smittesporing vert aktuelt.  Eit foto kan dokumentera kvar folk sit i salen.  Vertar deler foto med ansvarleg for vertskap, Jakob Bjørke.
  4. Både smittevernleiaren, møtevert og den som registrerer frammøtte, passar særleg på følgjande reglar:
  5. Folk med luftvegs-symptom kan dessverre IKKJE delta.
  6. Håndvask eller spriting ved inngang og utgang SKAL gjennomførast av alle.
  7. Gjestene må setja seg på tilviste plasser (og ikkje byta sete under samlinga)
  8. Unngå at folk samlar seg i gangen på veg inn eller ut.
  9. Inntil vidare skal det ikkje serverast mat, om ikkje anna er avtala med NIM-styret.
  10. Me tilrår å halda 1 meters avstand til dei ein ikkje er i familie/kohort med (det er ikkje obligatorisk når folk sit på plassen sin).  Alle vaskar /spritar seg inn og ut.  Om ein ikkje er frisk, skal ein halda seg heime.  Det er anbefalt at vaksne brukar ansiktsmasker, særleg når ein ikkje kan halda 1 meters avstand.  Om du testar positivt i etterkant av møtet, gje melding til møteleiar eller Eli S. Tveitane.

REINHALD I SAMBAND MED ARRANGEMENT                                                                                    

Det vert ordinær husvask av dugnadsfolk vanlegvis tysdag og laurdag.

Me er takknemlege for alle som bidreg for å skapa trygge og smittefrie samkomer på bedehuset!  Om de har spørsmål, kontakt leiar Eli S. Tveitane (47 30 89 81).

Norheimsund 5.2.22                                           

RUTINAR FOR SMITTEVERN I SAMBAND MED ARRANGEMENT I NORHEIMSUND BEDEHUS

(Sjå gjeldande smittevernreglar på www.kvam.no)

  1. Alle arrangement skal ha éin leiar for samlinga og éin person som skal sjå til at smitteverntiltak vert gjennomført.
  2. Smittevernleiaren hentar namneskjema for frammøte i brevordnaren på kontoret oppe og legg utfylt liste tilbake dit etter samlinga.  (Alternativt har ein eigne frammøtelister).  Denne skal lagrast i to veker i fall smittesporing vert aktuelt.
  3. Den som noterar namn og telefonnr. til ALLE frammøtte (til foreldre når det er barn som deltek) passar særleg på følgjande reglar:
  4. Folk med luftvegs-symptom kan dessverre IKKJE delta.
  5. Håndvask eller spriting ved inngang og utgang SKAL gjennomførast av alle.
  6. Unngå at folk samlar seg i gangen på veg inn eller ut.
  7. Inntil vidare skal det ikkje serverast mat, om ikkje anna er avtala med NIM-styret.
  8. Dei frammøtte skal informerast om smittvern-reglane i starten av arrangementet: Vaksne er tilrådd å halda 1 meters avstand til dei ein ikkje er i familie/kohort med.  Alle vaskar /spritar seg inn og ut.  Om ein ikkje er frisk, skal ein halda seg heime.  Me tilrår bruk av ansiktsmasker når ein ikkje kan halda meteren.  Borna treng ikkje halda meterregelen når aktiviteten gjer det nødvendig. 

NB! Dersom nokon i etterkant testar positivt for Covid-19, er det SVÆRT VIKTIG at dei straks gjev melding til ansvarleg leiar for arrangementet eller NIM-styret.

REINHALD I SAMBAND MED ARRANGEMENT

Det vert ordinær husvask av dugnadsfolk vanlegvis tysdag og laurdag.

Me er takknemlege for alle som bidreg for å skapa trygge og smittefrie samkomer på bedehuset!  Om de har spørsmål, kontakt leiar Eli S. Tveitane (47 30 89 81).

Norheimsund 5.2.22

NIM-styret/husstyret