Storsamling i Norheimsund

lovaas_hans_thore_16_01Sundag 1. september kl. 17.00 er det klart for haustens fyrste storsamling. Samlinga blir i Norheimsund bedehus. Temaet for samlinga er «Elska og sendt». Hans Thore Løvaas, tidlegare internasjonal leiar i Normisjon kjem. Helga Almenning syng for oss. Det blir barneopplegg og kveldsmat.

Les meir om storsamling her.

Velkomen!

Alphakurs

Logo_full_colour_150dpiØnskjer du å snakka med andre om kristendommen? Alpha-kurset er eit ope kurs over 11 kveldar utarbeidd av Nicky Gumbel, frå Holy Trinity Church i London. Kurset gjev innføring i kva kristen tru er. Kvelden startar med kveldsmat, så kjem ei undervisningsøkt og samtale i grupper. Kursbok og hefte følgjer med. Mange har erfart at opplegget er eit godt møtepunkt for samtale om viktige spørsmål. Midt i kurset vert det arrangert ein weekend i nærområdet. Då kan ein kombinera tur ut i det fri med undervisning, samtale og fellesskap. Kurset startar opp i Øystese over nyttår og vil ha undervisarar frå Kvam og Bergen. Arrangørar er kyrkjer og organisasjonar i Kvam, eit felleskristent tiltak for dei ulike bygdene i Kvam. Kontaktpersonar er: Lisbeth F. Oma, sokneprest Lars Arne Vik, Anne L. Bjelland og Eli S. Tveitane. Meir info kjem seinare…

Oppstart i ungdomskoret

DSC_0292Mandag 26. august startar Norheimsund & Øystese Ungdomskor opp att med øving i Norheimsund bedehus kl. 19.30. Det vert også dette året øving annankvar gong i Norheimsund og Øystese. Semesterplan finn du her. Velkomen til nye og gamle songarar!

Klart for Sommarens storsamling i Norheimsund!


IMS sitt årsmøte vert arrangert i Norheimsund dette året. Fredag brakar det laus med opningskonserten «Gla’song» i Norheimsund idrettshall. På konserten får me oppleve ungdomskoret Respons frå Ålesund, Kjell Strømme, Linn og Knut Inge Røen, husorkester og forsongarar. Laurdag er det klart for opningsmøte og forhandlingar på Framnes før stemnet fortset med familiekonsert med Tore Thommassen, stormøte og korkonsert. Sundag er det festmøte og familiemøte i hallen. Det blir eige barne- og ungdomsopplegg heile helga. Heile programmet finn du her. Lokale arrangørar er Norheimsund Indremisjon, Øystese Indremisjon og Tørvikbygd Indremisjon. Velkomen til Norheimsund!

Ungdomsgudsteneste i Øystese

øystese kyrkjeSundag 26. mai arrangerer Origo UNG ungdomsgudsteneste saman med Øystese sokneråd i Øystese kyrkje. Gudstenesta startar kl. 19.00. Lars Arne Vik er prest og Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek med song og musikk. Det vert nattverd og kollekt. Etterpå vert det sal av grillmat i Øystesefjøra. Alle er velkomne!

Tid for ny dugnad i Norheimsund bedehus

dugnadTysdag 4. juni og torsdag 6. juni kl. 17.30 – 20.30 (med innlagt kaffipause) er det klart for den tradisjonelle dugnaden med vasking, rydding m.v. Men det skal også gjerast ein del arbeid i salane med nye teppefliser, fornying av podiet, litt maling og snikring m.m. Dette arbeidet byrja 18. mai (sjå biletet) og er berekna å vera ferdig 9. juni. Me tek difor kveldsdugnader tysdag 28. mai og torsdag 30. mai kl. 17.30 – 20.30. Høver det betre på dagtid så er det ok. Ta kontakt Olav Helleve (rag-he@online.no/ tlf. 91122640) dersom du har høve til å møta. Vel møtt!