Inspirasjonshelg 15. – 17. mars

jpjJens-Petter Jørgensen er mest kjent som initiativtakar til og leiar av fornyelsesbevegelsen Oase gjennom 20 år (1977-1997). Helga 15. – 17. mars kjem han til Kvam for å delta på inspirasjonshelg i regi av Øystese Indremisjon. Jørgensen har vore lærar på Høyskolen Staffeldtsgate i 10 år og har undervist i praktisk teologi ved Ansgar Teologiske Høyskole i 15 år. Han har også vore lagssekretær, frikirkepastor i Lørenskog, og journalist i avisa Vårt Land. Jens-Petter Jørgensen har skrive 10-12 bøker om kristen vekst og modning. Han har sin base i Frikirken, men likar å kalle seg ein økumenisk kristen.
Tema for helga er «Mykje godt til gode». Fredag 15. mars kl. 19.00 er det møte i Øystese bedehus, laurdag 16. mars kl. 14.00 er det seminar i Øystese bedehus og sundag 17. mars kl. 17.00 er Jørgensen med på storsamling i Norheimsund bedehus. Velkomen til inspirasjonshelg!

Bedehusbasaren 2013

basar 001I år vert basaren fredag 19. april i Norheimsund bedehus. Loddsalet byrjar 8. april. Denne inntekta betyr mykje for at økonomien skal gå i hop, det kostar med både drift, vedlikehald og fornying av bedehuset. Me vonar difor at mange også i år vil slutta opp om basaren med gevinstar – både til hovedtrekning og åresal – og ikkje minst ved å kjøpa loddar når den tid kjem. Ynskjer du å gje pengar til gevinstar kan Solrun Leiren ta imot, eller du kan betala til konto nr. 3530.20.69512 (NIM).

 

Ungdomskoret klar for ny turne

kor 2013 webFredag 22. februar reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turne. Turen går til Hedmark. Base blir på Grimerud gård like utanfor Hamar. Koret skal halde konsert i Vallset, Hamar, Kongsvinger, Gjøvik og på Grimerud. Årets misjonsprosjekt er Ungdom i Oppdrag sitt arbeid i Constanta, Romania. Turneen vert avslutta onsdag 27. februar. Måndag 4. mars kl. 19.30 er alle velkomen til heimkomekonsert i Norheimsund kyrkje. Ver med å be for koret og turneen!

Årsmelding og årsrekneskap for Norheimsund Indremisjon 2012

Norheimsund IndremisjonFredag 1. februar var det årsmøte for Norheimsund Indremisjon (NIM) i Norheimsund bedehus. No ligg årsmelding og årsrekneskap for 2012 ute her på bedehusweb.no. Du må logge deg på med passord for å sjå desse. Passordet blir sendt ut til alle medlemmene i NIM på sms i dag.

Klikk her for å lese årsmeldingane.

Gospelnight 8. februar

gospelnightplakat2013Fredag 8. februar kl. 20.00 inviterer Origo til GOSPELNIGHT i Norheimsund bedehus. Me får besøk frå Ungdom i Oppdrag Romania. Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek. Etterpå blir det kafe! Alle er velkomne!