NMS-basar i Norheimsund 4. mars

åreVelkomen til basar for NMS fredag 4. mars i Norheimsund bedehus. Loddsal frå kl. 18.00. Basaren byrjar kl. 18.30. Andakt ved Johnny Knudsen. Heims musikklag spelar. Åresal og hovedtrekning med mange fine gevinstar. Og sjølvsagt vert det pause med god mat, kaffi og prat. Me får ein gild kveld saman, samtidig som me får gi ei gåve
til det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Velkomen til basar, liten og stor! Helsing Norheimsund og Vikøy kvinneforeining for NMS.

NB! Du er og velkomen til loddkjøp på REMA 1000 torsdag – laurdag i veke 8, og på Coop Prix måndag – fredag i veke 9.