Inspirasjonssamling

helge-nilsen-b2-fana-2013_11ou1wq9qbqt1na36r9klyjhjOnsdag 21. oktober kl. 19.00 blir styremedlemmer og leiarar i dei ulike laga som er tilknytta Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon invitert til inspirasjonssamling i Norheimsund bedehus. Me får besøk av Helge Nilsen. Han snakkar om «Grupper som lukkast!». Helge brukar si erfaring som talentutviklar i Sportsklubben Brann, inn i vår kristne samanheng. Det vert også tid til pause enkel servering og samtale om arbeidet.

«Når krisa rammar»

R&TTysdag 27. oktober kl. 19.30 i Norheimsund bedehus fortel Ragnhild og Tore Skeie frå jordskjelvkatastrofen i Nepal i vår, som dei opplevde på nært hald. Som HimalPartner sine utsendingar gjennom mange år har dei no avslutta sitt arbeid i landet. På møtet vert det kollekt til HimalPartner sitt arbeid i Nepal. Enkel servering. Velkomen!

Ole Abel Sveen til Norheimsund

uten navnVelkomen til songmøte i Norheimsund bedehus søndag 11. oktober kl.11.00. Då får vi besøk av Ole Abel Sveen som har vore her i området for ein del år tilbake. Han har m.a. vore forkynnar, generalsekretær og reiseleiar for turar til Israel. Det som er fint med Ole Abel er at han har stor sans for den gode salme- og songskatten vi har. Den formidlar han vidare på ein glimrande måte. Vi gled oss til å høyre han fortelje om og synge dei kjære songane.

Ungdomsweekend på Helgatun 16. – 18. oktober

16. – 18. oktober reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Krik Kvam og Origo ungdomsklubb på tur til Helgatun. På programmet står blant anna bli-kjent-kveld, natursti, uteaktivitetar, bibeltimar, korøving og underhaldningskveld. Påmeldinga har starta. Send epost til vidar.sangolt@imf.no dersom du vil vere med. Her finn du meir info om turen.

Me syng i lag…

ØIM logo litenMåndag 28. september kl. 20.00 inviterer Øystese Indremisjon og Norheimsund & Øystese Ungdomskor til «Me syng i lag…» i Øystese bedehus. Fellessong, korsong, tekstlesing og solosong står på programmet. Det blir kollekt til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for flyktningane i Europa. Velkommen!

Foredrag med Lill May Vestly

uten navnFredag 2. oktober og lørdag 3. oktober kjem Lill May Vestly til Norheimsund. Fredag skal Lill May ha foredrag under årets «Kvammmaveko» om «Familien i samfunnsklemma», kl. 20.00 i amfisalen på Norheimsund barneskule (gratis inngang). Lørdag blir det foredrag om «Adam og Eva i samfunnsklemma», kl.11.00 i Norheimsund bedehus. Her blir det også tilbod om barnepass for alle aldersgrupper under foredraget. Barnepass startar frå kl 10.45. Etterpå, ca kl 12.30 inviterar me til felles grautmåltid for alle som vil. Det blir tatt opp ein kollekt etter foredraget. Eit eventuelt overskot går til nytt kjøkken i bedehuskjellaren. Foredraga til Lill May er unike, omtalte og etterspurte, og vekkjer, underheld og inspirerar! Begge foredraga er veldig aktuelle, om du er vant til å gå på bedehuset eller ikkje. Så dette er ein kjempefin anledning til å invitere med deg nokon du kjenner! Her kan du lese litt meir om Lill May Vestly og referansar frå hennar foredrag. Her kan du lese litt meir om Lill May Vestly og hennar virke. Velkommen!

Oppstart Krik Kvam

fotballTysdag 25. august startar Krik 20+ Fotball opp att med trening kl. 20.00 i Norheimsund idrettshall. Det blir trening kvar tysdag kl. 20.00 – 22.00. Alle over 20 år er velkomne! Krik 13-19 har første samling onsdag 9. september kl. 20.00.

Velkomen til Storsamling!

storsamlingSundag 23. august kl. 17.00 er det klart for haustens fyrste storsamling. Samlinga blir i Øystese bedehus. Temaet for samlinga er «Velkomen heim». Oddvar Ulltang og Anne Merete Vik underviser. Det blir barneopplegg, kollekt og kveldsmat.

Les meir om storsamling her.

Velkomen!

Barnekoret Shine

shine logoMåndag 24. august kl. 17.30 startar barnekoret Shine med øving igjen! Koret er for deg som er frå 5 år til og med 4. klasse. Øvingane er i Norheimsund bedehus kvar måndag kl. 17.30 – 18.15. Ta med ein ven og kom!

Sommarhelsing frå leiaren i NIM

Vidar_Grindheim«Klapp i hendene, alle folk, lyft jubelrop til Gud! For Herren, Den høgste, er verd å frykta, ein stor konge over heile jorda. Han legg folkeslag under oss, folk legg han under våre føter. Han vel ut eit land for oss, ein stolt arv for Jakob, som han elskar.»/ «Clap your hands, all nations; Shout to God with cries of joy. How awesome is the Lord Most High; the great King over all the earth! He subdued nations under us, peoples under our feet. He chose our inheritance for us, the pride of Jacob, whom He loved.» Salme 47, 1-5.

Takk til alle som på ulikt vis har gjort tenester i laget, til alle som har teke del i fellesskap og oppgåver, til store og små som har bidrege til glede og samhald. Vel møtt til samvær, om det er litt mindre no i ferien, er det ny giv til hausten. Sjå websida og møteplanar. God sommar, ta med Bibelen i ferien! Norheimsund Indremisjon, leiar Vidar Grindheim