Velkomen til årsmøte i NIM fredag 5. februar!

logony NIMVelkomen til årsmøte fredag 5. februar kl 19.00 i Norheimsund bedehus. Det vert vanlege årsmøtesaker, samt informasjon om kjøkenarbeidet. Me vil også ha ein samtaledel der me snakkar om sundags-føremiddagsmøtene. Me ynskjer bidrag frå medlemmene til korleis me kan utvikla desse møtene. Me oppmodar alle medlemmer til å kome på årsmøtet. Det er ein fin moglegheit til å sei di meining, og høyre kva andre tenkjer. – Styret i NIM –

Bli med på Timeout!

timeout2Timeout er ein aktivitetsklubb for alle som går i 5.-7. klasse. Samlingane er i kjellaren på Norheimsund bedehus tysdagar kl. 17.30 – 19.00 og inneheld aktivitetsgrupper, andakt og mat. Datoar for våren er: 26. januar, 9. februar, 23. februar, 8. mars, 5. april, 19. april og 3. mai. Velkomen!

Heilage tre kongars-fest

aaaHeilage tre kongars-fest for heile familien! Måndag 4. januar i Norheimsund bedehus. Fleksi middag frå kl. 16.30; påmelding til 41570857. Program frå kl. 17.30, gratis inngang! Musikk ved blant andre Shine og ei jentegruppe, andakt v. Anne Merethe F. Vik, kaffistund med godtepose til borna. Ta med julekakerestar til felles kakebord. Kvelden vert avslutta med juletregang. Både store og små er velkomne!

Adventsamling

NLM_2-RGBSøndag 20. desember kl. 11.00 blir det adventsamling i Norheimsund bedehus. På programmet står blant anna andakt frå foross.no og song av Isolde Holt Holene. Me syng advent- og julesongar saman, mellom anna frå julekantaten «Den store kongen». Vel møtt! Arr.: Norheimsund Misjonssamband.

Julekonsert i Norheimsund bedehus

Julekonsert 15 plakatTorsdag 10. desember kl. 20.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor julekonsert i Norheimsund bedehus. Ungdomskoret med solistar og orkester framfører nye og gamle julesongar. Årets gjest er tidlegare dirigent Olav Skeie Lid. Billettane kostar kr. 150,- for vaksne og kr. 50,- for barn/student. Velkomen til ei fin førjulsstund i Norheimsund bedehus!

Julemessa

NLM_1-RGB1Takk til alle som deltok på julemessa lørdag 21. november! Totalt kom det inn kr. 174.000, fordelt på kr. 43.000 i loddsal før julemessa og kr. 131.000 på sjølve julemessedagen. Tusen takk til alle som har produsert varer, var med og selde varer eller hjepte til på andre måtar, eller var der og kjøpte varer. Pengane blir brukt i Mali, og elles der Misjonssambandet ser det er størst behov.

Nytt kjøken i Norheimsund bedehus – dugnad våren 2016

aaaSom kjent er det vedteke å fornya bedehuskjøkenet. For å få ned kostnaden ynskjer me mest mogeleg gjort på dugnad. Då treng me dugnadsfolk, og me håpar at du kan vera med å delta – på din måte. Oppstart vert onsdag 6. januar 2016. Me vil ha 2 faste dugnadskveldar i veka: Onsdag og torsdag kl. 17.30 – 20.30, med kaffipause kl. 19.00. Dei som har høve til det kan og arbeida på dagtid. Me legg til grunn at mange kan delta, slik at innsatsen kan fordelast og arbeidet gjennomførast snøgt. Du må sjølv bestemme kor mykje. Meld ifrå (jo før jo heller) til Olav Helleve, tlf. 911 22 640 eller: rag-he@online.no. Sei ifrå om nokon av dei faste dagane ikkje høver, og om du også kan arbeida på dagtid. Kan nokon stilla med kaffi / kaffimat kl. 19.00? Når me får deltakaroversikt fordeler me styrken på dugnadsdagane framover. Arbeidsoppgåvene vert naturleg nok varierte; riving, snikring, maling m.v. Vel møtt! Husstyret i NIM. Her kan du sjå teikningar av nytt kjøken.

Ungdomsmøte 30. oktober

Ungdomsmøte 15 plakatFredag 30. oktober kl. 20.00 er det klart for nytt ungdomsmøte i Norheimsund bedehus. Det vert song og musikk, konkurransar og andakt av Fredrik Gravdal. Etter møtet blir det kafe og aktivitetar i kjellaren. Alle er velkomne! Her kan du sjå aktivitetsplan for Origo hausten 2015.