Velkomen til møteveke!

marit stokken plakat 1625. – 29. mai blir det møteveke med Marit Stokken og Arne Pareli Pedersen frå ImF i Norheimsund bedehus. Det blir møte kvar kveld onsdag – sundag kl. 19.30.
Det blir bønemøte kvar kveld kl. 19.00. Velkomen!

Velkomen til ungdomsmøte

Ungdomsmøte 16 plakatFredag 29. april kl. 20.00 er det klart for nytt ungdomsmøte i Norheimsund bedehus. Det vert song og musikk, konkurransar og andakt av Egil Gammelsæter. Etter møtet blir det kafe. Origo er arrangør og alle er velkomne!

NØUK syng med Norheimsund Musikklag

Sundag 1. mai kl. 18.00 skipar Norheimsund Musikklag til vårkonsert i Norheimsund idrettshall. Dei har invitert med seg Norheimsund & Øystese Ungdomskor og Kvam Ungdomsstorband. Ungdomskoret oppmodar folk om å kome på konserten!

Bedehuskveld i Norheimsund

k5Fredag 15. april kl. 18.30 blir det bedehuskveld i Norheimsund bedehus. Det blir utlodning til inntekt for nytt kjøken. På programmet står også musikk ved Heims og Nancy Karine Sangolt, andakt ved Harald Voster og mat. Det vert høve til å gje ei god gåve! Alle er velkomne!

Påskekonsert og turnè

turnéplakat 16 nhsNorheimsund og Øystese Ungdomskor reiser dette året på turné i påskeferien. 18. – 23. mars turnérer koret i Vest-Agder. Base blir på Undeland Misjonsgård, ikkje langt frå Lyngdal. NØUK skal ha konsertar i Eiken, Vennesla, Kristiansand og på Konsmo. Turnéen startar med konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 17. mars kl. 19.30. Gjennom musikk, tekstlesing/ drama, lyssetjing og bruk av bilete på storskjerm vert publikum teke med på ei vandring frå palmesøndag til påskemorgon. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nye påskesongar. Gratis inngang – kollekt til koret sitt misjonsprosjekt i Kenya (KRIK). Velkomen!

Konsertar turné 2016:
Norheimsund kyrkje torsdag 17. mars kl. 19.30
Eiken bedehus lørdag 19. mars kl. 19.30
Vennesla frikirke søndag 20. mars kl. 11.00
Konsmo kirke mandag 21. mars kl. 19.00
Søm kirke, Kristiansand tirsdag 22. mars kl. 19.00

Ungdomskoret og turnéen kan du fylgje på facebook.

NMS-basar i Norheimsund 4. mars

åreVelkomen til basar for NMS fredag 4. mars i Norheimsund bedehus. Loddsal frå kl. 18.00. Basaren byrjar kl. 18.30. Andakt ved Johnny Knudsen. Heims musikklag spelar. Åresal og hovedtrekning med mange fine gevinstar. Og sjølvsagt vert det pause med god mat, kaffi og prat. Me får ein gild kveld saman, samtidig som me får gi ei gåve
til det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Velkomen til basar, liten og stor! Helsing Norheimsund og Vikøy kvinneforeining for NMS.

NB! Du er og velkomen til loddkjøp på REMA 1000 torsdag – laurdag i veke 8, og på Coop Prix måndag – fredag i veke 9.

Sarepta-møte i Øystese 11. februar

Sarepta_logo-CMYK-01Torsdag 11. februar kl. 19.30 blir det møte med Sarepta i Øystese bedehus. Tidlegare Bolivia-misjonær og forkynnar/ regionsleiar i NLM, Hans Bergane kjem og held tale. Han vil og ha litt info om organisasjonen Sarepta. På heimesida www.misarepta.no står det: Misjon Sarepta ble stiftet 24.05.2014. Det er en forening som skal arbeide for at stadig flere mennesker, både lokalt og på verdensvid basis, kan få møte Jesus Kristus til frelse og nytt liv, og ledes inn i Guds Ord. Sarepta vil ha base i Norge, samtidig som det vil være et særlig fokus på Sør-Europa og Nord-Afrika. Alle er velkomne!

Velkomen til storsamling!

storsamlingSundag 31. januar kl. 17.00 er det klart for ny storsamling. Samlinga blir i Øystese bedehus. Tidlegare sokneprest i Samnanger, Audun Aase, held andakt over temaet «Guds rike er annleis». Det blir eige barneopplegg, kollekt og kveldsmat.

Les meir om storsamling her.

Velkomen!

Velkomen til årsmøte i NIM fredag 5. februar!

logony NIMVelkomen til årsmøte fredag 5. februar kl 19.00 i Norheimsund bedehus. Det vert vanlege årsmøtesaker, samt informasjon om kjøkenarbeidet. Me vil også ha ein samtaledel der me snakkar om sundags-føremiddagsmøtene. Me ynskjer bidrag frå medlemmene til korleis me kan utvikla desse møtene. Me oppmodar alle medlemmer til å kome på årsmøtet. Det er ein fin moglegheit til å sei di meining, og høyre kva andre tenkjer. – Styret i NIM –