Øystese bedehus 60 år!

jubileum-60-plakat23. september i år er det på dagen 60 år sidan nye Øystese bedehus vart vigsla. Dette ynskjer me å markere med ein songkveld i Øystese bedehus sundag 25. september kl. 19.00. Mannskoret Laudamus, Inger Dysvik, Johs. Waage, Ingeborg Haarr Galtung, Olav S. Tolo og Harald Kjosås vil syngja kjende og kjære songar og salmar. Sjølvsagt blir det også mykje fellessong, kaffi, jubileumskake og jubileumsoffer. Velkomen til nyoppussa sal og ein hyggjeleg kveld!

SMS-liste for Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon

sms-tommel-388Minner igjen om Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon si sms-liste. Her vil det bli sendt ut info om til dømes arrangement i bedehusa våre. Det vil ikkje bli sendt ut melding til alle arrangement. Fullstendig program blir framleis kunngjort på bedehusweb.no og gjennom lysingar i Hordaland Folkeblad. Eventuell påmelding/ avmelding til lista kan ein sende på epostadressa bedehusweb@gmail.com. Dette er ei «einvegsteneste», så det er ikkje mulig for medlemmene å svare på medlingane.

Storsamlinga 18. september er flytta til Norheimsund

storsamling-16Komande storsamling var planlagt til Øystese bedehus, men vert flytta til Norheimsund bedehus grunna forseinkar i oppussingsarbeidet. Ver venleg og informer vener og kjende om endringa! Kristian Bjørkhaug er talar for kvelden. Han er til dagleg regionsleiar/pastor i Norkirken, Bergen. Barnekoret Shine syng, og det vert grupper for små og store born, som vanleg. Samlinga vert avslutta med felles kveldsmat. Inviter med venerfamiliar og kom!

Velkomen til inspirasjonssamling

MaritOnsdag 21. september kl 19.00 blir det inspirasjonssamling for leiarar og styre i ulike lag tilknytta Norheimsund Indremisjon. Tema: Eit livskraftig indremisjonsarbeid. Marit H. Ådnanes frå IMS kjem. Velkomen!

Bli med på Lovsangskveld!

bedehus-002d1I september blir det lovsangskveld annankvar fredag i Norheimsund bedehus; 2. september, 16. september og 30. september. Det blir andakt, høve til forbøn og fokus på lovsang. Samlingane startar kl. 20.00 og det blir kafé etterpå. Alle er velkomen til å bli med!

Saman på Storsamling!

storsamlingVelkomen til storsamlingar i haust! Ein sundag i månaden vert det samling for alle i familien i Norheimsund eller Øystese bedehus kl. 17.00. Den første samlinga er sundag 28. august i Norheimsund bedehus. Når me er på storsamling, har me lovsong, bibelforteljing, bøn, info om støtteprosjektet og leik før me deler oss. Det er barnepass for dei minste, sundagsskule frå 3-5 åringar, KRIK-samling i idrettshall eller gymsal for dei som er i skulealder. Dei vaksne får undervisning og anna. Så samlast me til god kveldsmat før avslutning! Inviter med deg ein nabo eller vennefamilie og kom! Det er fint å vera i lag! Les meir om storsamling her.

Finansiering av kjøkken i Norheimsund

k4Kjøkkenarbeidet i Norheimsund bedehus nærmar seg slutten, men me manglar framleis ca. 400 000 kr for å få betalt alle rekningar. Årsmøtet bestemte difor at styret får fullmakt til å ta opp lån for å dekkje utgiftene. Men dette lånet må betalast tilbake, og me treng difor hjelp av medlemmer og andre som ynskjer å bidra. Ulike forslag kom opp, som å ha kronerulling, at ein kan utfordre 4 andre til å gi. Det er også mogleg å gi ei gåve som eingangssum, eller ei kan gi ei månadleg gåve. Sjå her.