MØT RAEL OG SAMSON LOKIPUNA FRÅ POKOT, KENYA

aaaI samband med generalforsamlinga (GF) til Norsk Luthersk Misjonssamband i juli er Rael og Samson Lokipuna inviterte som gjester saman med fleire andre frå samarbeidande kyrkjer ikring i verda. Me her i Kvam er så heldige å få besøk av Lokipuna i forkant av GF. Tysdag 30. juni kl. 19.30 vert dei derfor å treffa på bedehuset i Norheimsund. Der vil dei både dela sitt vitnemål med oss og fortelja frå sitt liv og arbeid i Pokot, vest i Kenya gjennom både filmpresentasjon og tale.
Lokipuna, som no er biskop i det nord- vestre bispedømet i den lutherske kyrkja, har ein mangfaldig livsveg bak seg. Å få snakka med og stilla spørsmål til folk som tilhøyrer ein heilt annan kultur er både gjevande og interessant. Så dette må du få med deg! Velkomen!

Dugnad i Norheimsund bedehus!

IMG_3613Dette året har me sett opp to ettermiddagar til den årlege dugnaden med vasking, rydding og anna som me ynskjer å få gjort: torsdag 4. juni, og tysdag 9. juni kl. 17.30 – 20.30 med innlagt kaffipause. Me håpar at mange har høve til å vera med! Ta kontakt med Olav Helleve, epost; rag-he@online.no/ tlf. 91122640 og sei kva dag(ar) som passar. Vel møtt!

Blåtur

nøuk logo storskjermMåndag 1. juni vert det blåtur for Norheimsund og Øystese Ungdomskor. Det blir avreise frå Norheimsund bedehus kl. 18.00 og me er tilbake ca. kl. 21.30. Turen er heilt gratis, men ta med grillmat, drikke og varme klede. Dei som skal byrje i 8. klasse til hausten er spesielt velkomne til å bli med!

17. mai-fest i Norheimsund

norsk_flagg_stangNorheimsund Indremisjon har gleda av å invitere til fest i Norheimsund bedehus 17. mai kl.18.30. Årets talar er Jostein Skutlaberg. Det vert også program for borna, musikk ved Øyvind Kleven, Kjersti Berg Leiren og Øyvind Nyborg, mat og kollekt. Alle er hjarteleg velkomne!

Kjøkendugnad i Norheimsund bedehus

kjMe er i starten av kjøkenfornyinga som vart vedteken på årsmøtet i februar, målet er å få ferdig det vesle «møtekjøkenet» i 1. etg. i løpet av våren. Me ynskjer å gjera det meste på dugnad for å redusera kostnaden. Då treng me dugnadsfolk, og har du anledning til å bidra – på dag- eller kveldstid – så meld ifrå til Olav Helleve (911 22 640) og avtal kva tid og arbeid som høver. Arbeidsoppgåver: Tilleggsisolering, legging av golvbelegg, montering av kjøkenseksjonar (flatpakka), skifta 3 vindaugo og dør, måling og diverse anna. Vel møtt!

Her finn du info om nye kjøken oppe og nede i Norheimsund bedehus.

Nepalkveld

ssTysdag 28. april kl. 19.30 vert det Nepalkveld i Norheimsund bedehus. Øystein Ådland fortel og viser bilete frå ein gruppetur til Nepal, bl.a. frå arbeidet til Ragnhild og Tore Skeie. Det vert kollekt til HimalPartner og enkel bevertning. Alle er velkomne! Arrangør er Himalgruppa i Norheimsund.

Misjonsmøte

imageSundag 12. april kl. 19.00 blir det misjonsmøte i Norheimsund bedehus. Det vert tale ved generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon Rolf Gunnar Heitmann (biletet). Misjonssekretær Odd Bjarne Skogestad deltek også. Det blir misjonsinformasjon og offer. Arrangør er Den Norske Israelsmisjon. Alle er velkomne!

Nye kjøken i Norheimsund bedehus

k5Det har vore fleire oppussingsprosjekt på bedehuset dei siste åra som har gjort huset innbydande og fint, og no er det kjøkenet sin tur. Det er ikkje gjort særlege investeringar på kjøkenet sidan bedehuset var nytt i byrjinga av 1960-talet. Indremisjonen har pengar på bok til å lage kjøken bak vetlesalen i hovudetasjen, men for å kunne gjere hovudkjøkenet i kjellaren godkjent og meir tenleg, trengst det mykje pengar. Har du/ de lyst å vere med å lage eit tenleg kjøken på bedehuset, er me takknemlege for alle gåver. Me treng pengar til å betale handverkarar og materiale, og me treng pengar for å kunne utstyre kjøkenet (nytt service, glas, bestikk, gryter og serveringsfat). De kan øyremerke gåvene og setje inn pengar på den nyoppretta kjøkenkontoen vår 3530.27.67287.
Fortsett å lese «Nye kjøken i Norheimsund bedehus»

Marit Stokken til Norheimsund

marit stokken plakat 1521. – 26. april blir det møteveke med Marit Stokken frå ImF i Norheimsund bedehus. Det blir møte kvar kveld tysdag – sundag kl. 19.30. Sundag kl. 11.00 er det Storsamling med eige barneopplegg. Lokale musikkrefter deltek. Arrangør er Norheimsund Indremisjon. Alle er velkomne!