Basar fredag 20. mars

basarDet Norske Misjonsselskap (NMS) sine foreiningar i Vikøy og Norheimsund skal ha basar fredag 20. mars i Norheimsund bedehus kl. 18.30. Det vert andakt av Johnny Knudsen og musikk ved Heims Musikklag. Åretrekningar og trekking av loddbøkene. Det er alltid kjekt med basar. Me har ein gild kveld saman, samtidig som me får gi ei gåve til det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Velkomne på basar!

Fast gjevarteneste NIM/ ØIM


Me er takksame for at mange er med i gjevartenesta for ungdomsarbeidet både i Norheimsund og Øystese!

Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon har no fått ei ny ordning for gjevartenesta gjennom Indremisjonsforbundet (IMF). Fast gjevarteneste er ei ordning der du kan inngå avtale om faste, jamnlege trekk frå konto. Så ofte som du vil og med det beløp du ynskjer. Du kan få skattefrådag for gåver til veldedig formål. Kvar enkelt person kan få 28% frådrag for beløp opptil 20.000,- pr. år. Det tyder at om du til dømes gjev kr. 20.000,- til saman eit år, vil du få kr. 5600,- igjen på skatten! Ved å inngå avtale om fast gjevarteneste får du automatisk tilsendt årsrapport med beløp som du enkelt fører inn i sjølvmeldinga.

For å inngå avtale om fast gjevarteneste må du fylle ut eit skjema (sjå under). På skjemaet kan du sjølv velje betalingshyppighet. Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon anbefaler alle til å velje månadsvis trekk. På den måten har indremisjonsstyra betre oversikt over økonomien. Skjemaet skal sendast til Indremisjonsforbundet, Steinsvikvegen 30 – Søre Bildøy, 5353 Straume etter utfylling.
Dersom du ikkje ynskjer å inngå avtale om fast gjevartenste, kan du gje ditt bidrag som enkeltgåve. Betal til NIM eller ØIM sin konto og mark betalinga med «gjevarteneste».

Ved spørsmål om fast gjevarteneste, ta kontakt med økonomiansvarleg i Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon.

Norheimsund Indremisjon:
Økonomiansvarleg: Vidar Stensletten Eik, tlf. 47632506 – epost: vidar.s.eik@gmail.com
Kontonummer: 3530.20.31469
Fast gjevarteneste – skjema for NIM

Øystese Indremisjon:
Økonomiansvarleg: Oddvar Ulltang, tlf. 90204201 – epost: oddvar@ulltang.net.no.
Kontonummer: 5277.31.32186
Fast gjevarteneste – skjema for ØIM

divisi til Norheimsund 24. januar!

10862642_890542397630754_7379390944829878638_o24.januar kl 19:00 ønsker divisi sammen med Norheimsund og Øystese ungdomskor å skape et «pusterom» i Norheimsund kyrkje. Med eget repertoar og enkelte ledd fra messen Dobrogosz, håper vi å kunne gi deg en variert musikalsk opplevelse av høy kvalitet. Med oss har vi Hans Petter Tangen på piano. Voksen: 150,- Student: 100,- Barn under 12 år: gratis. Hjertelig velkommen!

Julefest i Norheimsund

juletrefest_20145. juledag arrangerer Norheimsund Indremisjon julefest for heile familien! Festen startar kl. 18.30. Det vert musikk ved Tom A. Berstad og Øyvind Kleven. Anne C. Børsheim og Hans Arne Børsheim syng. Det vert andakt ved Hans Arne Børsheim, leikar, kollekt, festmat og juletregange. Velkomen til store og små!

Julekonsert i Norheimsund 10. desember

Julekonsert 14 plakatOnsdag 10. desember kl. 20.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor julekonsert i Norheimsund bedehus. Ungdomskoret med solistar og orkester framfører nye og gamle julesongar. Årets gjester er Harald Kjosås og ein trio frå barnekoret Shine beståande av Randi Gravdal, Kaisa Engeseth Andersen og Astrid Helena Klyve. Billettane kostar kr. 150,- for vaksne og kr. 50,- for barn/student. Velkomen til ei fin førjulsstund i Norheimsund bedehus!