Opptak frå bibeltimar i Efeserbrevet våren 2022

Også i vår har Egil Gammelsæter hatt bibeltimar i Øystese bedehus. Tema denne våren har vært Efeserbrevet. Oppmøtetid har vært tysdagar klokka 19.00.

Her er link til speleliste på YouTube med desse opptaka. God lytting.

Spelelista bibeltimar i Efeserbrevet på bedehusweb kanalen på youtube.

Vil du bli fast gjevar?
Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon nyttar gjevarteneste gjennom Indremisjonsforbundet (ImF). Her får du 22% skattefrådrag for gåver på inntil kr. 25.000,- pr. år. Dette blir sendt direkte til skattemeldinga di. Enkelt og greit! Du kan til og med betale med Vipps dersom du ynskjer det 🙂

Norheimsund:
Norheimsund Indremisjon – barne- og ungdomsarbeid
Norheimsund Indremisjon – generell
Kontaktperson NIM gjevarteneste: Solveig Norheim – tlf. 99452967/ epost: solnorheim@gmail.com

Øystese:
Øystese Indremisjon – barne- og ungdomsarbeid
Øystese Indremisjon – generell
Kontaktperson ØIM gjevarteneste: Bent Inge Bentsen, tlf. 99210126/ bentingebe@hotmail.com

Gjevar kan sjølv endre si gjevarteneste på «Min side» – evt. på epost: imf@imf.no eller tlf. 56314240.

ANSGAR GOSPEL CHOIR til Kvam!

Frå New Orleans til Øystese! Torsdag 31. mars blir det full trøkk i Øystese bedehus!! Over 50 songarar, band og teknisk crew frå Ansgar bibelskole i Kristiansand kjem for å halde gospelkonsert! Konserten er ein av mange støttekonsertar for tida. Det er gratis inngang, men det blir mulig å gje ei gåve til koret sitt støtteprosjekt i Ukraina. Møt opp!

Jubileumsbasar i Norheimsund 27. mars

Norheimsund Indremisjon er 150 år i år! Sundag 27. mars kl. 16.00 blir det Jubileumsbasar i Norheimsund bedehuset. Barnekoret Shine deltek og det blir andakt av Øystein Ådland. Ellers på programmet: Kaffi/ saft og kaker, åresal og trekning av loddbøkene. Kom og vêr med du og!