Kvinnenes internasjonale bønedag

Fredag 10.mars kl 17.30 er kvinner i heile Kvam velkomne til bøn i Norheimsund kyrkje.

Tema for 2023: «Eg har høyrt om trua dykkar»

Kvinnenes internasjonale bønedag blei starta av kvinner i USA i 1887. Bakgrunnen var nøden dei såg blant immigrantar og etterkomarar av slavar. Kvinner frå ulike kyrkjesamfunn samla seg om ein felles bønedag for desse. Nokre år seinare blei det sett fokus også på dei globale utfordringane.

I dag har bønedagen komitear i meir enn 170 land og regionar. Kvinnenes internasjonale bønedag ynskjer å knyta ulike tradisjonar saman i eit tettare fellesskap, slik at dei får auka forståing for kvarandre og betre kan hjelpa og støtta kvarandre gjennom bøn.

På den internasjonale bønedagen ynskier kvinner verda over å dela håp og uro, gleder og sorger med kvarandre. I år har me spesielt fokus på kvinner sin situasjon i Kamerun. Det blir orientert om «Ester-prosjektet», og det blir høve til å gje ei gåve til dette arbeidet.

Samlinga i Norheimsund kyrkje varer i om lag ein time. Det er konsert i kyrkja kl 19.00, og du vil kanskje stogga att og få med deg den.

Les meir på denne heimesida: https://norgeskristnerad.no/kvinnenes-internasjonale-bonnedag/