Nytt styre i Øystese Indremisjon

På årsmøtet for Øystese Indremisjon onsdag 15. februar vart det valt nytt styre. Det nye styret består av Harald Kjosås, Lisbeth Hanne Fredheim Oma, Astri Soldal og Andreas Ølfarnes. Anna Mette Hals Klyve er varamedlem. Styret har ikkje konstituert seg enno.

Årsmøte i Norheimsund Indremisjon

Fredag 3. februar kl. 18.30 er du velkomen til årsmøte for Norheimsund Indremisjon (NIM) i Norheimsund bedehus. Arne Opsahl-Engen skal ha andakt. Det blir val, gjennomgang av årsmelding og årsrekneskap, samtale om arbeidet, samt pause med enkel servering. For å spare litt tid på årsmøtet, legg me ut årsmelding og årsrekneskap for NIM, samt årsmeldingane frå dei ulike undergruppene av NIM her på bedehusweb.no. Du må logge deg på med passord for å kunne lese årsmeldingane. Passordet blir sendt ut til alle medlemmene i NIM på sms i dag. Velkomen til årsmøte!

Klikk her for å lese årsmeldingane.

Sundagssamling i Øystese bedehus

Sundag 29. januar kl. 20.00 (merk: ny tid!) er det klart for årets fyrste sundagssamling i Øystese bedehus. Sundagssamling er eit møte som legg vekt på lovsong, tilbeding og bøn. Sundagssamlinga skal vere ein stad der ein kan få kome med vitnesbyrd og bøneemne. Samlinga startar med enkel servering og prat før ein går over i møtedelen. Her finn du datoar for sundagssamlingane denne våren. Arrangør er Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon. Alle er velkomne!

Semesterstart med storsamling sundag 15. januar

Sundag 15. januar er det igjen klart for storsamling, denne gong i Norheimsund bedehus. Samlinga startar som vanleg kl. 17.00. Herdis Austevoll skal ha andakt. Det blir eige opplegg for borna. Samlinga vert avslutta med kveldsmat i kjellaren. Alle er hjarteleg velkomne!

 

Klikk her for å sjå datoar for storsamlingar i vår.

Klikk her for å sjå datoar for sundagssamlingar i vår.

Jule- og nyttårsfest i Norheimsund

1. nyttårsdag arrangerer Norheimsund Indremisjon jule- og nyttårsfest i Norheimsund bedehus kl. 18.00. Det vert musikalske innslag av blant andre Geir Botnen (flygel) og David Skutlaberg (fiolin). Rektor ved Kongshaug Musikkgymnas, Oddvar Rotvik, held andakt. Det blir allsong, konkurransar og mat. Festen vert avslutta med juletregang. Alle er hjarteleg velkomne!