Velkomen til NØUK-basar!

åreSundag 10. februar kl. 16.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor basar i Norheimsund bedehus. Det vert både boktrekning og åretrekningar. Ungdomskoret syng. Det er mange flotte gevinstar. Ta med vener og familie og kom på basar!

Basar i Øystese bedehus laurdag 19. januar 2019

Laurdag 19. januar kl. 16.00 vert det endeleg bedehusbasar i Øystese. Mykje godt vedlikehald er utført på huset dei seinare åra. Men endå står noko att – som til dømes diverse fornying på kjøkenet. Bedehuset vert mykje brukt – sundagssamlingar, korøvingar, SFO, ungdomsklubben Origo, styremøte o.I. I tillegg til Øystese Indremisjon sitt eige arbeid, vert huset leigd ut både til private og til organisasjonar. Med tanke på så allsidig bruk, er det viktig at kjøkenet er oppdatert og godkjent. Til dette arbeidet trengst det midlar. Håpet er at basaren vil føra til inntekter som er viktig for å vedlikehalda og driva Øystese bedehus på ein god og framtidsretta måte. Ta ettermiddagskaffien på bedehuset denne dagen. Ver velkomen! 

Sundagstreff i Øystese 13. januar

Velkomen til Sundagstreff i Øystese bedehus 13. januar kl. 17.00. Det blir bl.a. tale ved Marit A. Røen, allsang leia av forsongarar, dagens profil og kollekt. Me tek farvel med familien Gammelsæter som reiser ut som misjonærar. Møt opp!

Temakonsert med Morten Samuelsen og Solveig Bartun Rob 20. januar

Morten Samuelsen og Solveig Bartun Rob set fokus på tema «Psykisk helse, tvil og tru» gjennom musikk og refleksjonar. Morten og Solveig har hatt temakonsertar mange stader i landet og søndag 20. januar kjem dei til Norheimsund kyrkje! Dei deler sine historiar gjennom ord og song og snakkar om tema som kan vere vanskeleg å snakke om. Ynskjet deira er å dele erfaringar, tankar og kunnskap med oss.

Morten Samuelsen er songar og er kjent frå blant anna Norske Talenter på TV2. Mange hugsar han sikkert også frå trioen «Morten, Espen og far».

Solveig Bartun Rob er erfaringskonsulent for psykisk helse i Bergen. Ho har også bak seg ein lang karriere som barne- og ungdomsarbeidar i NLM.

Norheimsund kyrkje søndag 20. januar kl. 19.00. Gratis inngang – kollekt. Dette er absolutt verdt å få med seg. Møt opp!

Arr.: Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon

Juletrefest i Øystese

6. juledag blir det god gammaldags juletrefest i Øystese bedehus kl. 17.00! Kari Furnes Aalvik held andakt, det blir song og musikk, juletregang og julequiz. Ta med søt mat til felles kakebord. Kaffi og julebrus blir servert. Og sjølvsagt blir det godteposar til borna! Velkomen!

Julesamling med middag i Norheimsund bedehus 4. juledag

Tom for julegåve-ide? Ei klimavenleg julegåve til liten og stor! Middag treng alle, også i romjula. No kan det gjerast enkelt med å melda på familien, venefamilie, besteforeldre eller naboar til julesamling med middag i Norheimsund bedehus, 4. juledag. Det blir middagsservering kl. 16.00, deretter vert det juleprogram for alle med song, leiker, andakt og juletregang.

Påmelding til middagen (kr. 100,-/ familie kr. 200,-) til Tore Skeie (90077001) innan torsdag 27.des. kl 12.00.

Ta med familie og vener og kom!

Fakkeltog for forfølgde kristne i Øystese

Andre søndag i adventstida, 9. desesmber, vert det fakkeltog for forfølgde kristne i Øystese. Oppmøtestad er framfor kyrkja. Toget startar kl 18.00. Ruta er lagt om i år, toget vil gå ein runde via Meierihola og gymnaset. I år vert redaktør Johannes Morken frå Stefanusalliansen med. Etter toget vert det servert gløgg på kyrkjetrappa, før lysmessa startar kl 19.00. Arrangørav fakkeltoget er Øystese sokn og Øystese indremisjon.