NMS-basar

Basaren 15. mars i Norheimsund Bedehus samla mykje folk, og kvinneforeiningane til NMS takkar for ein fin kveld og eit godt program. Takk til Johnny Knudsen og Heims musikklag som gjorde kvelden så fin for oss alle. Det kom inn vel kr. 66.000,- til NMS. Takk til alle som bidrog til det fine resultatet. Helsing kvinneforeiningane i Vikøy og Norheimsund for NMS.

Medlemsmøte NIM

Vegen vidare for organisasjonen vår – tysdag 9. april kl. 19.30 i Norheimsund bedehus. Dette er ein viktig møtestad for å dela tankar om arbeidet og koma med gode innspel til styret. John Sindre Sætrenes og Tore Skeie innleier om «Korleis ser organisasjonen vår ut i framtida, kva trengs?». Samtale rundt borda. Eli S. Tveitane har innlegg til inspirasjon om «Bru til tru» – korleis dela det me trur på i kvardagen? Med utgangspunkt i temaet vår for våren: Kva betyr det å vera ein Jesu etterfølgar i dag. God servering denne kvelden! Set av kvelden og ver med å gjera fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera! Velkommen til undervisning, mat og prat!

Nytt styre i NIM

På årsmøtet til Norheimsund Indremisjon, fredag 8. februar, vart fylgjande styre valt; Eli Tveitane (leiar), Tore Skeie (nestleiar), Jakob Bjørke, Solveig Norheim, Ole Bjørn Kristensen, John-Sindre Sætrenes (vara) og Herdis Austevoll (vara). Me ynskjer det nye styret lukke til!

Nytt styre i ØIM

På årsmøtet til Øystese Indremisjon, fredag 1. februar, vart fylgjande styre valt; Vidar Sangolt (leiar), Reidun Teigen (økonomi), Miriam Sørheim Almeland, Nils Gunnar Oma, Richard Longo, Bent Inge Bentsen, Andreas Ølfarnes og Anna Mette Hals Klyve (vara). Me ynskjer det nye styret lukke til!