
Dugnad i Øystese 14. juni
Bli med på dugnad i og ved Øystese bedehus måndag 14. juni kl. 18.00 – 21.00. Diverse spyling, kosting, bosplukking og stell av grønt-areal ute. Vasking og diverse småarbeid inne. Bli med og gjer bedehuset til ein god stad å vere! Pause med kaffi, is og brus. Inga påmelding – berre møt opp. Ta kontakt med Vidar Stensletten Eik på tlf. 47632506 dersom du har spørsmål eller ynskjer å bidra ein annan dag. Velkomen!
Ny felles barne- og ungdomsarbeidar i Øystese og Norheimsund!
Øystese Indremisjon og Norheimsund Indremisjon har fått på plass ny barne- og ungdomsarbeidar! Julie Haaberg er tilsett i ein 50% stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 1. august. Dette vil gje oss eit løft i barne- og ungdomsarbeidet!
Julie Haaberg er 25 år og kjem frå Åsane. Ho har lærarutdanning og har akkurat avslutta fjernstudie i kristendom ved Fjellhaug internasjonale høgskole i Oslo. Ho er gift med Jakob Haaberg og dei har to barn. Familien skal flytte inn i nyinnkjøpt hus i Øystese i sommar. Julie har mykje erfaring med barne- og ungdomsarbeid. Ho har vore ungdomstalar ved Lyngdal Bibelcamp og har vore mykje på leiar på Raknestunet. Ho har hatt ansvar for barnelag i Kyrkjekrinsen bedehus. Ho har også vore ein sentral del av ungdomsarbeidet i Nordhordaland Indremisjon og IMS. Etter at familien flytta til Kvam, har Julie engasjert seg i barneklubben TREFF og ungdomskonferansen LINK ved Øystese bedehus.
Me er heldige som får dra nytte av hennar kompetanse for å styrke barne- og ungdomsarbeidet i Øystese og Norheimsund. Arbeidet til Julie vil bl.a. bestå av å koordinere barnearbeidet på Sundagstreff i Øystese og Allesamansamling i Norheimsund og vere sentral i arbeidet rundt Origo ungdomsklubb og diverse ungdomsarrangement.
Me ynskjer Julie varmt velkomen og gler oss til hausten!
Medlemsmøte i NIM

Tysdag 15. juni kl. 20.00 – 21.00 i Norheimsund bedehus
Medlemsmøte er ein viktig møtestad for å dela tankar om arbeidet og koma med gode innspel til styret. Denne gongen vert det:
- Informasjon om tilsetting av barne- og ungdomsarbeider for ØIM og NIM
- Visjon for Norheimsund indremisjon
- Ein kopp kaffi/te
Set av kvelden og ver med å gjera fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera! Velkommen til orientering, samtale og ein kopp kaffi!
Sundagstreff i Fitjadalen 6. juni kl. 15.00 – NB! oppdatert!

Ta med familie og vener og bli med på utandørs Sundagstreff på heradet sitt friluftsområde Blekeld i Fitjadalen sundag 6. juni kl. 15.00. Ta med det du vil ha av saltmat, søtmat og noko å sitja på. På grunn av forbod mot eld, blir det ikkje grilling. Program: Matøkt, andakt v/ Randi Sæleset, natursti og aktivitetar for store og små. Velkomen! Arr.: Øystese Indremisjon
Sundagstreff i Øystese 1. pinsedag

Velkomen til Sundagstreff i Øystese bedehus 1. pinsedag, 23. mai kl. 11.00. Me får besøk av forsamlingsleiar i Voss Indremisjon, Knut Kvamme. Ei lita gruppe frå ungdomskoret er med som forsongarar. Det blir TREFF barnesamling. Dersom du er sjuk eller har symptom, er du velkomen ein annan dag! Hugs god avstand 😉




