Ny felles barne- og ungdomsarbeidar i Øystese og Norheimsund!

Øystese Indremisjon og Norheimsund Indremisjon har fått på plass ny barne- og ungdomsarbeidar! Julie Haaberg er tilsett i ein 50% stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 1. august. Dette vil gje oss eit løft i barne- og ungdomsarbeidet!

Julie Haaberg er 25 år og kjem frå Åsane. Ho har lærarutdanning og har akkurat avslutta fjernstudie i kristendom ved Fjellhaug internasjonale høgskole i Oslo. Ho er gift med Jakob Haaberg og dei har to barn. Familien skal flytte inn i nyinnkjøpt hus i Øystese i sommar. Julie har mykje erfaring med barne- og ungdomsarbeid. Ho har vore ungdomstalar ved Lyngdal Bibelcamp og har vore mykje på leiar på Raknestunet. Ho har hatt ansvar for barnelag i Kyrkjekrinsen bedehus. Ho har også vore ein sentral del av ungdomsarbeidet i Nordhordaland Indremisjon og IMS. Etter at familien flytta til Kvam, har Julie engasjert seg i barneklubben TREFF og ungdomskonferansen LINK ved Øystese bedehus.

Me er heldige som får dra nytte av hennar kompetanse for å styrke barne- og ungdomsarbeidet i Øystese og Norheimsund. Arbeidet til Julie vil bl.a. bestå av å koordinere barnearbeidet på Sundagstreff i Øystese og Allesamansamling i Norheimsund og vere sentral i arbeidet rundt Origo ungdomsklubb og diverse ungdomsarrangement.

Me ynskjer Julie varmt velkomen og gler oss til hausten!