Haustprogram for Norheimsund bedehus

«Inn til Jesus, ut til andre»

Etter ein sommar med mykje fint ver, er me klare for å starta opp dei faste samlingane i Norheimsund bedehus. Styret har arbeidd med visjonen vår: «Vi vil vera ei Jesus-fokusert forsamling med verdsvidt perspektiv som ærar Gud, deler tru og liv og får med fleire». Denne hausten vil alle tema vera knytt til bibeltekstar som er grunnlag for visjonen.

Følg gjerne Norheimsund Indremisjon på Facebook der informasjon om møta vert lagt ut i forkant. Dei fleste samlingane har grupper for born. Velkomen til samlingar for heile familien!

Sønd. 22. aug. kl. 11.00 – Julie Haaberg: Å følgja Jesus i dag.
Sønd. 5.sept. kl. 11.00 – Bjørn Lauritzen: Få med fleire.
Sønd. 19.sept. kl. 11.00 – Marit A. Røen: Jesus i hjarta, hjarta for andre.
Sønd. 17.okt. kl. 11.00 – Herdis Austevoll: Æra Gud med heile seg.
Sønd. 31.okt. kl. 11.00 – Øystein Mongstad
Sønd 7.nov. kl. 17.00 – Eli Tveitane: Aldri åleine (soulmesse m/ barnekora).
Sønd. 21.nov. kl. 11.00 – Asbjørn Kvalbein: Våre søsken globalt.
Sønd. 5.des. kl. 11.00 – Adventssamling for og av barnegruppene: Ei glede for heile folket.
Sønd. 19.des. kl. 11.00 – Eli Tveitane: Jesus til alle.

Haustprogram – Øystese bedehus

Me håpar alle har hatt ein fin sommar og ynskjer velkomen til nytt semester i Øystese bedehus! Her kjem litt informasjon om det som skal skje framover. Følg med på www.bedehusweb.no og ØIM på Facebook for oppdateringar!

15. august kl.11.00: Sundagstreff – tale v/ Daniel Gammelsæter (fellessamling)
29. august kl. 11.00: Sundagstreff – tale v/ Jakob Haaberg
8. september kl. 19.30: Kveldsmøte – tale v/ Roald Evensen
9. september kl. 19.30: Kveldsmøte – tale v/ Roald Evensen
10. september kl. 19.30: Kveldsmøte – tale v/ Roald Evensen
11. september kl. 18.00: Kveldsmøte – tale v/ Roald Evensen
12. september kl. 11.00: Sundagstreff – tale v/ Roald Evensen
26. september kl. 11.00: Sundagstreff – tale v/ Nils Gunnar Oma
29. september kl. 19.30: Kveldsmøte – tale v/ Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes
30. september kl. 19.30: Kveldsmøte – tale v/ Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes
1. oktober kl. 19.30: Kveldsmøte – tale v/ Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes
2. oktober kl. 18.00: Kveldsmøte – tale v/ Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes
3. oktober kl. 19.30: Kveldsmøte – tale v/ Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes
10. oktober kl. 11.00: Sundagstreff – tale v/ Arne O. Øystese
24. oktober kl. 11.00: Sundagstreff – tale v/ Solveig Norheim (fellessamling)
7. november: Sundagstreff – tale v/ Solveig Hosøy (fellessamling med LINK)
14. november kl. 11.00: Sundagstreff – tale v/ Egil Gammelsæter
28. november kl. 11.00: Juleverkstad – v/ Julie Haaberg

To møteveker i Øystese i haust!

Fullstendig haustprogram for Øystese bedehus er snart klart. I tillegg til vanlege Sundagstreff blir det denne hausten to møteveker. 8. – 12. september kjem Roald Evensen (ImF) på besøk og 29. september – 3. oktober blir det møteveke med Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes (ImF). Set av datoane: dette vil du ikkje gå glipp av 😉

Sommarope i Norheimsund

Når det meste er sett på pause i ferietida, kan det vera godt å koma saman til ei delestund i bedehuset. Eit enkelt opplegg med å koma saman, dela eit bibelord og livserfaring, lytta og be i lag, er det me inviterer deg til å vera med på tysdagskveldar i sommarhalvåret kl. 20.00 i Norheimsund bedehus. Inviter med deg ein ven og kom! «Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei», Matt. 18.20. 

Velkommen til enkel samling om Guds Ord og bøn!     

Kom på IMS-basar i Norheimsund sundag 20. juni kl. 14.30!

Ta med bilen og møt opp ved Norheimsund bedehus kl. 14.30. Du køyrer gjennom ei løype med ulike stasjonar; lynlotteri, trekning av gevinst på skiltnummer på bilen, loddsal til hovudlotteri, mat og drikke… Betaling med Vipps! Ein kan også kjøpe lodd til hovudtrekninga på førehand, enten til Vipps #102696 eller til kontonr. 8220.02.80454. Dersom du nyttar kontonummer, må dette gjerast innan torsdag 17. juni. Oppgje namn og telefonnummer. Hovudtrekninga vert streama på Facebooksida til IMS sundag kveld kl. 19.00. Bli med og støtt IMS 🙂

Dugnad i Øystese 14. juni

Bli med på dugnad i og ved Øystese bedehus måndag 14. juni kl. 18.00 – 21.00. Diverse spyling, kosting, bosplukking og stell av grønt-areal ute. Vasking og diverse småarbeid inne. Bli med og gjer bedehuset til ein god stad å vere! Pause med kaffi, is og brus. Inga påmelding – berre møt opp. Ta kontakt med Vidar Stensletten Eik på tlf. 47632506 dersom du har spørsmål eller ynskjer å bidra ein annan dag. Velkomen!

Ny felles barne- og ungdomsarbeidar i Øystese og Norheimsund!

Øystese Indremisjon og Norheimsund Indremisjon har fått på plass ny barne- og ungdomsarbeidar! Julie Haaberg er tilsett i ein 50% stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 1. august. Dette vil gje oss eit løft i barne- og ungdomsarbeidet!

Julie Haaberg er 25 år og kjem frå Åsane. Ho har lærarutdanning og har akkurat avslutta fjernstudie i kristendom ved Fjellhaug internasjonale høgskole i Oslo. Ho er gift med Jakob Haaberg og dei har to barn. Familien skal flytte inn i nyinnkjøpt hus i Øystese i sommar. Julie har mykje erfaring med barne- og ungdomsarbeid. Ho har vore ungdomstalar ved Lyngdal Bibelcamp og har vore mykje på leiar på Raknestunet. Ho har hatt ansvar for barnelag i Kyrkjekrinsen bedehus. Ho har også vore ein sentral del av ungdomsarbeidet i Nordhordaland Indremisjon og IMS. Etter at familien flytta til Kvam, har Julie engasjert seg i barneklubben TREFF og ungdomskonferansen LINK ved Øystese bedehus.

Me er heldige som får dra nytte av hennar kompetanse for å styrke barne- og ungdomsarbeidet i Øystese og Norheimsund. Arbeidet til Julie vil bl.a. bestå av å koordinere barnearbeidet på Sundagstreff i Øystese og Allesamansamling i Norheimsund og vere sentral i arbeidet rundt Origo ungdomsklubb og diverse ungdomsarrangement.

Me ynskjer Julie varmt velkomen og gler oss til hausten!